Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde
Kulturfond

Elskarane mine

Øyehaug, Gunnhild

Innbundet

Forventes utgitt

Forventes utgitt: 07.09.2026

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

To menn bryt ut av fengsel og har planlagt å overleve på bær, sniglar og kumjølk, men veit ikkje at dei lir av kuskrekk. Ei kvinne sit i kø utanfor Marc Jacobs-butikken då ho trur ho blir vitne til sitt andre mord for året. Nokre skatteoppkrevjarar fortvilar over tilstanden til gardane som ligg under den store blåisen på 1700-talet, mens ei kvinne strevar med dagsopplegget sitt med elleve elskarar. I novellesamlinga Elskarane mine er prosaen uføreseieleg og rik. Det underlege vender seg mot det nære, og om kjærleiken er størst av alt, finst det likevel eldgamle, einsame hjarte kledd i spindelvev murt inn i stolpar i kyrkjer, og ein lengt som ein kan undre seg på om faktisk er bitte litt større.

Detaljer