Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Eidsborgbryne : kontroll og råderett over utmarksressurser i mellomalder og nytid

Forventes utgitt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Dag Rorgemoen er direktør ved Vest-Telemark Museum. Han har arbeidd med mange sider av historia til regionen, også med eidsborgbryne. Dette har han fyrst og fremst gjort gjennom utstillingsarbeid, formidling og føredrag, men også gjennom støtte til arkeologar og geologar. Det er behov for å auke kunnskapen om denne innlandsressursen og den rolla øvre Telemark har spela. Denne artikkelsamlinga er resultat av det tredje Eidsborgseminaret, som vart arrangert hausten 2023. Fleire av føredraga er arbeidde vidare med i etterkant, og dei presenterer ny kunnskap om utmarksressursane i vikingtida og mellomalderen frå Øvre Telemark, og korleis desse ressursane gjekk inn i den større heilskapen. Dette er historia om omfattande handel og etablerte nettverk, om maktstrukturar og maktkamp, om sentrum og periferi, om grunnleggande råvarer og etablerte merkevarer. Frå Øvre Telemark gjekk varer som brynestein, jarn, tjøre, huder, skinn og horn - og til og med eksklusive jaktfalkar - inn i ein avansert handel over store avstandar og med høg risiko. Me tek også steget inn på 1700-talet og vert kjende med Christian von Koss, som med stor kraft gjekk inn i handelen med eidsborgbryne og til slutt kontrollerte det heile. Eidsborgseminaret vert arrangert av Vest-Telemark Museum, Telemark fylkeskommune og interesseorganisasjonen Vikinger i Vestfold og Telemark. Det er del av satsinga Vikingvegen, som har som mål å lyfte fram historia langsetter leia frå Hardangervidda til gravhaugane i Borre.

  • Utgivelsesdato:

    25.04.2025

  • ISBN/Varenr:

    9788283051599

  • Språk:

    Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

  • Forlag:

    Museumsforlaget

  • Innbinding:

    Innbundet

  • Fagtema:

    Historie og arkeologi

  • Emne:

    Kulturhistorie, Arkeologi, Bergarter, Tokke

  • Serie:

    Vikingvegen 4

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Originaltittel:

    Eidsborgbryne

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

  • Sider:

    191

  • Høyde:

    24.7 cm

  • Bredde:

    17.6 cm

Gullgubbenes arkeologi : funnkontekster i Norge og Sverige

Gullgubbenes arkeologi : funnkontekster i Norge og Sverige

Gansum, Terje
9788283051728 Innbundet
25.04.2025
Norsk (bokmål)

Forventes utgitt
Det eldste Grenland : fra romertid til vikingtid

Det eldste Grenland : fra romertid til vikingtid

9788283051582 Innbundet
22.10.2024
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

Forventes utgitt
Eidsborgbryne : handel og organisering i mellomalder og tidleg nytid

Eidsborgbryne : handel og organisering i mellomalder og tidleg nytid

9788283051506 Innbundet
04.10.2023
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

Forventes utgitt