
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Ti år etter at den nye kommunelova blei vedtatt, er det tid for å gjere opp status. Korleis har kommunar og fylkeskommunar innretta seg etter den nye lova, og korleis har dei nytta den fridommen dei fekk? Boka byggjer på forskning i tilknyting til Kommunelovprogrammet i Noregs forskningsråd, men femnar vidare og inkluderer også andre sentrale forskingsbidrag frå 1990-tallet og framover. Forfattarane drøftar tendensane i kommuneutviklinga i dag, og ser på den nye kommunen i forhold til folkeleg deltaking og dei folkevalde si rolle, konkurranseutsetting og effektiv tenesteproduksjon, miljøvern og lokal næringsutvikling. Med boka ønskjer forfattarane å stimulere til refleksjon kring verdigrunnlaget for det kommunale folkestyret. Dei har eit klart normativt utgangspunkt for framstillinga, og boka kan sjåast på som eit innspel i debatten om den norske kommunesituasjonen.









