Hopp til hovedinnhold
Placeholder image

Norskboka 1 : norsk for grunnskolelærerutdanning 1-7

Traavik, Hilde

Heftet

Forventes utgitt

Forventes utgitt: 12.07.2026

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Norskfaget er det største og viktigaste faget i skulen. Læraren på barnetrinnet treng både solid norskfagleg kompetanse og kunnskap om korleis ein best formidlar faget. Norskboka 1 og 2 er basisverket for grunnskulelærarutdanninga for trinn 1-7. Verket gir forskingsbasert innsikt i dei sentrale emna i norskfaget, og det er lagt vekt på å tydeleggjere samanhengane mellom teori og praksis. Norskboka 1 gir innføring i den første skrive- og leseopplæringa, språklæring, fonologi, morfologi, syntaks, ordforråd, grammatikk- og talespråksdidaktikk, skriving på bokmål og nynorsk, rettskriving, språkkartlegging, lese og skrivevanskar. 3. utgåve er grundig fagleg oppdatert og har ei rekke nye kapittel: om lese- og skrivevanskar, den andre lese- og skriveopplæringa, om samisk, munnleg kompetanse, læremiddel, tekst- og tekstkompetanse, om norsk som andrespråk og om munnleg fortelling i skolen. Forfattarane har rik røynsle som norsklærarar, lærarutdannarar og forskarar. Dei supplerer kvarandre med fagleg spisskompetanse. Mari Nygård og Christian Bjerke er redaktørar.

Detaljer