Hopp til hovedinnhold

🎄God jul🎄Klikk her for info om julens åpningstider

Omslagsbilde
Kulturfond
I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Dropshjarte er det andre bindet i Jóanes Nielsens forteljing om dei færøyske slektene Brahmadellane og Tvibur, ei krønike som godt og grundig blandar fiksjon og verkelege hendingar i nyare færøysk historie.Dropshjarte er ei forteljing om familieband og vennskap, kjærleik og hat, sex, kristendom og djevelskap, medynksdrap, færøyske nazisympatisørar, sandsuging og sledehundmassakre i Grønland, ei okkult Forbannarsekt, eit bombeattentat mot Lagtinget, ei skipsulykke, rabbinarbesøk i bygda Sumba, berserkgang i Klaksvík – og eit møte med Den vonde sjølv. Omdreiingspunktet i forteljinga er forfattaren Eigil Tvibur som har genar frå både Brahmadell- og Tviburslekta. Eigil er valdtektsbarn, unnfanga da broren til farfaren hans valdtok niesa si i eit fjøs i Sumba, og han kjempar ein stadig kamp for å forsone seg med seg sjølv og med sitt opphav. Han har på same tid eit ømt og eit brutalt sinn – og eit temperament som innimellom bringer han opp i trøbbel.Jóanes Nielsen er ein færøysk forfattar. Han debuterte i 1978 med diktsamlinga Den trettande månaden (Trettandi mánaðin), og har sidan skrive ti diktsamlingar, fem romanar, tre skodespel, to essaysamlingar og en novellesamling. Dropshjarte er andre bind i tetralogien Ei nordatlantisk krønike.

Detaljer