
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Når barn leikar, er dei skodespelarar, regissørar, rekvisitørar, scenografar og jamvel sufflørar. Dei kjenner sjølvsagt ikkje desse omgrepa, men i teateret høyrer omgrepa med i daglegtalen. Likskapen mellom rolleleik og teater er slåande, og kunnskapen frå teatervitskapen kan bidra til å forstå barns leik og å gjere det lettare å gi barn impulsar som stimulerer fantasi og kreativitet, og som munnar ut i leik og oppleving. Berre på leik gir ei grunnleggande innføring i dramateori, og forfattaren legg vekt på samanhengen mellom dramafaget og barns leik, tema for tema. Forfattaren viser korleis barn har ei spontan forståing for dei grunnleggande elementa i drama, sjølv utan det vaksne fagspråket. Boka gir konkrete råd og tips om korleis ein kan legge til rette for å gi barna estetiske opplevingar gjennom teater og drama, musikk og visuell kunst. Å stimulere barna si eiga skaparevne og la dei oppleve kunst på sine eigne premissar er eit gjennomgåande tema, heile tida fagleg forankra i pedagogikk og teatervitskap. Boka er skriven for studentar i barnehagelærarutdanninga.
-
Utgivelsesdato:
29.01.2025
-
ISBN/Varenr:
9788234008269
-
Språk:
-
Forlag:
Samlaget
-
Fagtema:
Samfunn og samfunnsvitenskap
-
Emne:
Drama
-
Målgruppe:
, Voksen
-
Litteraturtype:
-
Form:
Lærebøker
-
Sider:
143
-
Høyde:
24 cm
-
Bredde:
17 cm