Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Å samla kunst : samlingsutvikling ved norske kunstmuseum på 2000-talet

Veiteberg, Jorunn

Forventes utgitt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Museum for visuell kunst skil seg frå andre museum ved at dei samlar på kunst frå vår eiga tid. Dei er såleis viktige medspelarar i dagens kunstliv, og interessa for korleis dei utøver denne rolla, er stor og til tider støyande. Ikkje minst gjeld det spørsmål rundt kva dei ervervar og ikkje ervervar til samlingane, og måten det blir gjort på. I denne rapporten blir inntakspraksisen mellom år 2000 og 2016 i 14 kunstmuseum i Noreg kartlagt. I tillegg til musea sine eigne prioriteringar tar rapporten opp kva slags kunst musea har fått overført frå Innkjøpsfondet for norsk kunsthåndverk, Sparebankstiftelsen og Kulturrådet si nedlagde innkjøpsordning. Korleis unge kunstnarar er representerte, samtidskunsten sin plass og kjønnsfordelinga i samlingane er spørsmål som står sentralt. Rapporten viser også kor lite synleg samlingspraksisen til musea har vore hittil. Museumssamlingane tener som vår felles minnebank. Difor bør det stadig reisast spørsmål ved korleis musea utøver makta dei har som historieskrivarar og minneforvaltarar. I seinare år har private samlarar sett stadig sterkare avtrykk i dei offentlege musea gjennom donasjonar og langtidslån. Eit aktuelt spørsmål er difor om det i dag er desse privatsamlarane som er blitt premissleverandørar for historieskrivinga. Jorunn Veiteberg (f. 1955) er dr.philos. i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd med samtidskunst både som utstillingsleiar, redaktør og som frilans skribent og kurator. Veiteberg har vore professor II ved Kunsthøgskolen i Oslo og Kunst- og designhøgskolen i Bergen, og sidan 2013 har ho vore gjesteprofessor ved HDK Göteborgs universitet. Frå 2008 til 2012 leia ho forskingsprosjektet «Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk». Ho har vore leiar av forskings og utviklingsutvalet i Norsk kulturråd sidan 2014, og medlem av Norsk kulturråd sidan 2016. Veiteberg har skrive ei rekkje bøker og artiklar om bildeanalyse, videokunst, massekultur, kunsthistoriske emne og om dagens kunsthandverk. Av nyare relevante publikasjonar kan nemnast Kunstnardrivne visningsrom (2017) og oversiktsverket Bård Breivik som ho redigerte i 2016.

  • Utgivelsesdato:

    12.02.2019

  • ISBN/Varenr:

    9788270811915

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Norsk kulturråd

  • Innbinding:

    Heftet

  • Fagtema:

    Kunst

  • Emne:

    Kunst, Museer, Norge

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Faglitteratur

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Utgave:

    1

  • Sider:

    146

  • Høyde:

    29.6 cm

  • Bredde:

    21 cm

Ambrosia Tønnesen : sculpture

Ambrosia Tønnesen : sculpture

Veiteberg, Jorunn
9788245053487 Innbundet
2024
Engelsk

Forventes utgitt
Ambrosia Tønnesen : skulptur

Ambrosia Tønnesen : skulptur

Veiteberg, Jorunn
9788245053470 Innbundet
2024
Norsk (nynorsk)

Forventes utgitt
Sirkulasjon

Sirkulasjon

Veiteberg, Jorunn • Friis, Hanne • Ansten, Nina • Skuggen, Guri
9788269229134 Innbundet
06.03.2023
Engelsk, Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

Forventes utgitt
Hearts and pines : fem designere fra Porsgrunds Porselænsfabrik og kunstnere på verksted 1400°

Hearts and pines : fem designere fra Porsgrunds Porselænsfabrik og kunstnere på verksted 1400°

Veiteberg, Jorunn • Ylvisåker, Anne Britt • Holt, Cecilie Tyri • Linder, Mats
9788269278705 Innbundet
2022
Engelsk, Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

Forventes utgitt
Annette Kierulf og Caroline Kierulf : å skape en verden

Annette Kierulf og Caroline Kierulf : å skape en verden

Veiteberg, Jorunn • Lund, Lotte Konow • Berman, Patricia G.
9788245043709 Innbundet
06.10.2022
Norsk (bokmål), Norsk (nynorsk)

Forventes utgitt
Kunstskapte fellesskap

Kunstskapte fellesskap

9788245041729 Heftet
14.09.2022
Dansk, Norsk (bokmål), Svensk

Forventes utgitt
Materielle påstander : Nina Malterud

Materielle påstander : Nina Malterud

Veiteberg, Jorunn • Ylvisåker, Anne Britt • Adamson, Glenn
9788245041552 Innbundet
13.06.2022
Norsk (nynorsk)

Forventes utgitt
Smykkeskrinet

Smykkeskrinet

Veiteberg, Jorunn
9788279593317 Innbundet
19.05.2021
Norsk (nynorsk)

Forventes utgitt
Hold stenhårdt fast på greia di : kunst og feminisme i Norge 1968-1989

Hold stenhårdt fast på greia di : kunst og feminisme i Norge 1968-1989

Veiteberg, Jorunn
9788269065824 Innbundet
30.04.2019
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

I salg