Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveransene våre (sist oppdatert 28.8)

Omslagsbilde

Human empiri : fenomenologisk og sosiokulturelt basert forsking på samhandling : til 70-årsdagen for Gustav Erik G. Karlsaune

Heftet

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Denne boka handlar om korleis ein kan drive empiriske forskingsprosjekt retta mot meiningsfull samhandling mellom menneske på ein heilskapleg måte. Slike forskingsfelt finn vi først og fremst i konkrete situasjonar i dagleglivet, anten dette er i yrkeslivet, klasserommet, familien eller i fritida. Boka presenterer både empiriske forskingsprosjekt og meir overordna perspektiv, i hovudsak henta frå fenomenologisk basert teori om livsverda (Lebenswelt), men òg frå Vygotskij-inspirert sosiokulturell teori. Dette er ein del av det som vert kalla kvardagslivsforsking. Med fenomenologi i denne samanhengen tenkjer ein ikkje på ein spesiell empirisk metode, men på fenomenologi som ei tilnærming og som grunnlagstenking i human- og sosialvitskapane. Kvart kapittel illustrerer ulike sider ved denne tilnærminga og peikar på kva stø ein kan få av henne i alle vitskapar som ikkje er naturvitskapar, men kulturvitskapar. Det er særleg den fenomenologiske baserte sosiologien i tradisjonen etter Husserl som er presentert og drøfta, mellom anna med omsette artiklar av sentrale forfattarar innan kunnskapssosiologien (Alfred Schütz og Thomas Luckmann). Forfattarane vender seg i første rekkje til dei som ønskjer å forske empirisk innanfor humaniora og samfunnsfag (kulturvitskapane), både på master- og doktorgradsnivå, men etablerte forskarar vil vonleg òg finne utfordringar, nye idear og inspirasjon.