Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde
Forventes utgitt

Forventes utgitt: 14.10.2026

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

I denne årboka har me som i tidlegare år hatt fokus på ”noko for einkver smak”. Boknemda vonar at alle finn noko av interesse. Her er nokre stikkord om innhaldet i Årbok 2026: Reidar Kind, første rekneskapsførar i Klepp Gardsrekneskapslag, kom til Klepp frå Biristrand på vestsida av Mjøsa i 1956. Han var då tilsett i det nystarta rekneskapslaget i Klepp. Han vart ein dugande leiar i det som etter kvart vart til Jæren Rekneskapslag. I Årbok 2025 kunne ein lesa eit brev frå Bore kyrkjesokn stila til Kongen. De ville ut av Klepp kommune. Det maskinskrivne brevet var ikkje signert eller datert. Det viser seg at det var ikkje alle i soknet som ville ut av Klepp. Frå Hole har me fått eit handskrive brev til Klepp heradsstyre der mange frå sokna gjer beskjed til heradsstyret om at dei IKKJE vil ut av Klepp, og nokre som hadde signert ”utmeldingsbrevet”, ber kommunen om å stryka dei frå dette brevet. Brev nummer to er signert og datert 4. januar 1927. Gunnar A. Skadberg, fødd i 1946, var i barneåra ofte på tur med foreldra til Anna og Maren på Anda. Hjå familien etter syster til Anna og Maren, Nikoline - gift Braut, var dei to ugifte systrene mest som ein institusjon og vart for det meste omtala som «Mostrane». Tilbake til Skadberg-familien: Dei losjerte hjå Anna og Maren frå 1943 til 1946, og det vart eit varing vennskap som gjorde at dei ofte kom tilbake til Anda. Den første «Bossmannen» - eldre kleppsbuar hugsar sikkert då boss frå private vart samla i papirsekker og Magne Damsgård kom med lastebil og henta sekkene. Seinare kjøpte han spesialbygd bil og stod for innsamlinga i mange år. Klepp manufaktur og «Fru Tonstad» var i mange år den som kledde opp damene i Klepp. By-damer kom og til buttikken på Kleppe for å få siste nytt i moteklede. Sonen Per Lars fortel om dette. Frå 1981 til 2006 var Mariager kommune på Nordjylland i Danmark og Klepp vennskapskommunar. I denne perioden var det mange besøk begge vegar, spesielt på det kulturelle planet. I 2006 vart det samanslåing av fleire kommunar i distriktet, og storkommunen vart heitande Mariagerfjord kommune. Då vart vennskapsordninga avslutta. Harald Torvik, son til stasjonsmester Halfdan Torvik, skildrar korleis det var å veksa opp på Klepp stasjon, og korleis livet var på jernbanestasjonen og i bygda elles frå midten av 1960-talet. Trufast bidragsytar til årboka, Leiv Steinar Hovtun, har i år samla historiar frå idrettslivet i Klepp på slutten av 1900-talet. Her er han innom dame- og herrefotball, bordtennis, skøyter, friidrett, symjing og mykje anna. Det er sikkert mange som har undra seg over dei store steinane som ligg rundt om i kommunen. Kor kunne for eksempel Digerheisteinen på Midtre Salte, ein meir enn 600 tonn tung stein midt ute på ei kjelve, kome ifrå? Har han reist langt, eller...? To geologar fekk i oppdrag å sjå på dette. Eilert Eivindson Braut, som hadde gard på Nord-Braut på 1890-talet, måtte sona to år i Botsfengselet i Oslo. Men då han kom heim att til Klepp, vart han etter kvart ein dugande vegvaktar, kanalarbeidar og gardbrukar. Eine sonen, Erling, vart seinare tilsett som den første «Teknisk sjef» i Klepp kommune. Trubaduren og læraren Karl («Calle») Fjogstad har «gjort byas av seg» og flytt frå Kleppe til Bryne etter ein lang karriære som lærar og musikar/visesongar/skribent. Reidunn Oline Skadsem har laga eit intervju med sin gamle musikklærar. Dei som var ungdomar og vaks opp i Kleppekrossen i første del av 1950-talet, hugsar sikkert då Vegvesenet fann det for godt å montera trafikklys i krysset RV 44 / Solavegen i Kleppe sentrum. Det var ikkje lurt - men vart og til «lått og løye». Første del av Ådne Håland sin artikkel om forsøksgarden på Særheim og tida før flyttinga frå Forus til Særheim kan de lesa i Årbok 2025. Her kjem andre del, om drifta på Særheim frå 1965 til 2005. Arne Sæbø har lagt til ei oppsummering av drifta dei 20 siste åra. Me har og samla ein del foto frå åra på Særheim. Artikkelen er nok lang, men det som Ådne Håland skreiv til 40-års- jubileet i 2005 har ikkje blitt publisert før nå, og er verd å ta vare på for ettertida.

Detaljer