Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveranser og nettbutikk (oppdatert 9. september)

Omslagsbilde

Gjetartradisjonar i Noreg : sosiale, biologiske og teknologiske utviklingsdrag

Drabløs, Dagfinn

Heftet

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Denne boka handlar om gjetarliv og gjetararbeid i Noreg frå vikingtida og fram til i dag. Boka gjev ei innføring i ein særskild og tradisjonell naturbruk, som rett brukt har vist seg berekraftig gjennom hundrevis av år. Vi får eit innblikk i dei fleste former for husdyrgjeting, utført av vaksne eller born, frå små buskapar til store, einsarta drifter av storfe, sau, avlsoksar, hestar, geiter og tam-rein. Ja, endå grisen og fuglane har fått sine små teigar. Innhaldet når heilt fram til vår tid. Siste kapitlet drøftar i nokon mon den nye rovdyrsituasjonen og kva vi kanskje kan lære ved å granske den historiske utviklinga. Drøftingane byggjer på nyare forskings-resultat, statistiske data og praktiske observa-sjonar, og vil truleg kunne eggje til diskusjon anten ein ser saka frå beitebrukaren, politikaren, forvaltaren eller turgåaren sin synsstad. Dagfinn Drabløs er fødd i 1927. Han er sivilagronom og har det meste av yrkeslivet vore knytt til ymse landbruksfaglege organisasjonar. Dessutan har han i periodar arbeidd innafor andre fagfelt knytte til biologiske emne. Han har vore redaktør for fleire tidsskrift, og vore medforfattar eller redaktør for ei rekkje handbøker og rapportar av husdyrfagleg og naturvitskapeleg karakter. I 1997 gav han ut boka "Soga om smalen." Noko tilfang frå gjetarstoffet der er også nytta her i boka.

  • Utgivelsesdato:

    2003

  • ISBN/Varenr:

    9788230000243

  • Språk:

    , Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Kolofon

  • Fagtema:

    Teknologi, ingeniørfag, landbruk og industri

  • Emne:

    Gjeting, Norge, Historie

  • Målgruppe:

    , Voksen

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Originaltittel:

    Gjetartradisjonar i Noreg

  • Sider:

    198

Geiteboka

Geiteboka

9788252925289 Innbundet
2002
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

I salg
Soga om smalen : jubileumsskrift Norsk sau- og geitalslag 1947-1997

Soga om smalen : jubileumsskrift Norsk sau- og geitalslag 1947-1997

9788299422109 Innbundet
1999
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

I salg
Geitboka

Geitboka

9788252911503 Heftet
1987
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

Utsolgt