
Barnelitteratur : sjangrar og teksttypar
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar rettar seg primært mot barnelitteraturstudiet i førskule- og allmennlærarutdanninga. Boka kombinerer litteraturteori med didaktiske og formidlingsmessige perspektiv, ut frå ei vurdering av målgruppa sine faglege behov. Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar gir ei samla og brei framstilling av det barnelitterære feltet. Barneboka blir plassert i forhold til kulturhistoria og til skiftande tider sine haldningar til barndommen. Bildebøker, lyrikk, episke tekstar og fagbøker blir handsama i eigne kapittel. Det same gjeld forteljingane frå den munnlege kulturen; eventyr, mytar, legender, segner og fablar. Kapittel om teiknefilm og masseproduserte barnebøker gir boka eit vidare barnekulturelt medieperspektiv. Boka inneheld òg ein bolk med synspunkt på litteraturformidling i barnehage og skule. Eit rikt utval teksteksempel illustrerer litteraturteoretiske problemstillingar.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
2006
-
ISBN:
9788202258566
-
Språk:
-
Forlag:
Cappelen akademisk -
Fagtema:
-
Emne:
-
Serie:
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Form:
-
Originaltittel:
Barnelitteratur
-
Utgave:
2
-
Sider:
263
-
Høyde:
24 cm
-
Bredde:
17 cm
-
Utgiverorgan:












