Hopp til hovedinnhold

Oppdatert 10. desember: Klikk her for viktig info om bokleveranser, faktura og utvikling i nettbutikken

Omslagsbilde

Yvonne, prinsesse av Burgund ; Vigsla ; Operette

Gombrowicz, Witold

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Witold Gombrowicz er rekna som ein av det tjuande århundrets viktigaste forfattarar. Teaterstykka er briljante; språket er sprelsk, scenene dynamiske og hovudpersonane manipulatorar. Handlinga og utviklinga av idear er som oftast gestalta i konfliktar, kampar eller skuggekampar. I tillegg er det slåande korleis "det pinlege" blir nytta dramaturgisk: eit etikettebrot, feil klede, ein upassande lyd, feil svar eller ikkje noko svar i det heile fører til absurde situasjonar som publikum identifiserer seg med. Her oppstår den menneskelege identiteten i ein vekselreaksjon som samspel eller motspel, som jo er skodespelaren sitt nøkkelord. For Gombrowicz betyr det å vere menneske å spele eit menneske. Denne innsikta gjer han til ein høgst aktuell dramatikar.

Detaljer