Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveransene våre (sist oppdatert 21.8)

Placeholder image
I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

"Eg" har ein veldig blåe hest med gul man på rommet sitt, ein gyngehest som skjønar det som er viktig. Når dei båe let att auga, kan dei ri langt, langt bort i yr glede, eller helst frå det som er vrangt eller trist. I dag er det ein lei dag. Mor og far er ikkje vener, og mor reiser til byen. Hesten vil ikkje ri i lag med han, men vil også gå sine eigne vegar. Guten sagar meiane av hesten og plasserer han ute i skogen sjølv om han treng ein til å trøyste seg. Men då mor kjem att, treng han ikkje hesten lenger. Dette er ei var, kjenslelada forteljing om ein observant liten gut som må sjå at foreldra er uvener, og dei er så opptekne av sitt at dei ikkje ser kor guten plagast. Både tekst og bilete er stemningsskapande. Antydingar, løynde undertonar og symbolbruk gjev små og store ulik, men god leseoppleving. Boka balanserer fint mellom realisme og fantasi, og lesaren har mykje å undre seg over og oppdage både i tekst og bilete som er gode kvar for seg og som spelar saman på beste måte. Bileta til debutanten Jens Kristensen er spennande og dyktig utførte. Ein ser trekk fra andre biletbokillustratørar, men stilen er likevel særeigen i personskildring, perspektivval og fargebruk. Samlaget, 1999.

Forteljingar

Forteljingar

Kausland, Ingvild Røstbø
9788252158663 Heftet
2001
Norsk (nynorsk)

Forventes utgitt
Armholemørker : dikt

Armholemørker : dikt

Kausland, Ingvild Røstbø
9788252148206 Heftet
1997
Norsk (nynorsk)

I salg