Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveranser og nettbutikk (oppdatert 16. oktober)

Omslagsbilde

Matematikk : emnehefte med oppgaver og fasit : 8.-10. trinn. 5. I dagliglivet

Lohne, Martin Knudsen, Dag Allard

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

På skolen har vi vorte vane med å rekne - for å lære å rekne. I MATEMAMATIKK er oppgåvene laga for å finne ut av noko: Tema knyter rekning til andre fag og til det praktiske livet. Det verkar motiverande. Lærestoffet er delt inn i emnehefte - fordi Kunnskapsløftet (L06) har gått bort frå "spiralprinsippet" der emne er fordelte på steg og blir tekne opp att - for at ein skal kunne fordjupe seg i eitt emne om gongen - utan å måtte haste vidare til enda noko nytt - for at alle i ein klasse skal jobbe med det same emnet - og finne stoff som er tilpassa ulikt behov og nivå Utanlandske skolar har lenge brukt denne pedagogiske tilnærminga ut frå prinsippet om at det er lett å ta vare på kunnskap som ein lærer fullt og heilt og ikkje stykkevis og delt. Med utgangspunkt i L06 består verket MATEMATIKK av desse emnehefta: 1 Tal og algebra, 2 Brøk og prosent, 3 Geometri, 4 Likningar og ulikskapar, 5 Matematikk i dagleglivet, 6 Statistikk, sannsyn og funksjonar, 7 Excel-knekkjaren, 8 Repetisjon, eksamenstrening og oppgåver (10. steget), 9 Lærarboka: emneprøver og heildagsprøver. Vi rår til at hefta blir nytta i denne rekkjefølgja, men kvar skole står sjølvsagt fritt til å velje. MATEMATIKK kan brukast som eit komplett verk, men ein kan også bruke eitt eller fleire hefte som supplement til eit anna verk.

Detaljer