Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Skap eit språk

Husby, Olaf

Innbundet

Forventes utgitt

Forventes utgitt: 29.09.2026

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Frå alvisk i Tolkien-universet til dothraki i Game of Thrones til fredsprosjektet esperanto: Å kontruere nye kunstspråk er blitt ein del av den moderne kulturen. Men å lage eit heilt nytt språk frå grunnen av er ikkje berre underhaldning, det er ein måte å utforske kva eit språk eigentleg er og korleis vi kommuniserer med kvarandre. Korleis eit språk fungerer er òg grunnlaget for å forstå dei store språkmodellane vi i dag kallar kunstig intelligens. I denne boka gir språkekspert Olaf Husby ei komplett steg-for-steg-guide til korleis du kan planlegge, bygge og utvikle eit heilt nytt språk. På vegen lærer du grunnleggande grammatikk og får ei ny og unik forståing for korleis språk og språksystem fungerer. Dette er boka for dei som er nyfikne på språk, kultur og kreativitet, anten dei er fantasy- og sci-fi-entusiastar som utviklar eigne språk i rollespel, brettspel og nettfellesskap, eller språkstudentar som ønskjer ei alternativ og kreativ tilnærming til faget. Det kan vere lærarar som treng ein ny pedagogisk innfallsvinkel, ein forfattar eller serieskapar som treng insirasjon til eit nytt univers, eller ein kreativ familie eller vennegjeng som har lyst på eit skikkeleg morosamt samarbeidsprosjekt. Boka er gjevande for alle som likar å bygge system, skape meining og utforske korleis menneske kommuniserer. Boka er rikt illustrert av Zarina Saidova.

Detaljer