Hopp til hovedinnhold

Klikk her for info om bokleveranser, faktura og nettbutikk (sist oppdatert 13.1)

Omslagsbilde

Helse for livet

Håbrekke, Jon Ingvald

Innbundet

I salg

Leveringstid: 9-12 dager

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Hippokrates blir rekna som legekunstens far. Han skal ha sagt: «Din mat er din medisin» og «All sjukdom startar i tarmen. I Hippokrates sin gamle visdom ligg nøkkelen til å ta vare på den helsa vi fekk i voggegåve. Her ligg nøkkelen til kunnskap om korleis vi best kan førebyggje for å ta vare på helsa vår gjennom livet, psykisk og fysisk. Mennesket har eit liv på jorda midt i eit univers av mikrokosmos og makrokosmos. Vi treng molekyl og bakteriar for å overleve. Vi treng lys frå stjerna Sola og det plantene produserer i fotosyntesen. Mennesket er både materie og energi. Difor treng vi giftfri kvalitetsmat dyrka på giftfri jord og fanga i reint hav. Vi har behov for å leve i harmoni med naturen og våre medmenneske i familie og lokalsamfunn. Slik kan gode tankar sende positive vibrasjonar til vår indre dirigent for kroppens orkester av hormon og nevrologiske signalstoff. Skulle utfordringar likevel banke på helseporten vår; ja, då må vi gjere vårt beste for å finne årsaka i staden for å ty til symptombehandling. Intensjonen er at denne boka skal gi deg eit betre grunnlag for å ta gode val om du ønskjer å meistre livet det beste du kan med Helse for livet.

Detaljer