
Utsolgt
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
I denne boka trer det ironiske ved Garborgs skrifter inn i sentrum. For å begripe kva det var ironien sette på spel, er det også nødvendig å fange inn dei ikkje-ironiske dimensjonane ved Garborgs liv og skrifter. Geir Mork oppfattar slik Arne Garborg som ein særs motsetnadsfull forfattar, ein som stadig framkallar undring. I eit forsøk på å gripe "den heile" Garborg diskuterer Mork ei rekke av tenkarar som har kjempa med ironien som eksistensform, fremst mellom desse er Søren Kierkegaard.