Hopp til hovedinnhold

Klikk her for info om bokleveranser, faktura og nettbutikk (sist oppdatert 13.1)

Omslagsbilde

Journalistikkens samfunnsoppdrag

Roppen, Johann

Heftet

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Begrepet samfunnsoppdrag har vorte eit moteord i den journalistiske kvardagen og mediedebatten, men kva som ligg i begrepet, er langt frå eintydig. Journalistar og mediefolk brukar begrepet samfunnsoppdrag i svært vid tyding for å forklare og legitimere journalistisk verksemd. Og samfunnsoppdrag som begrep vert også nytta på ei rekkje andre område enn journalistikk. I denne boka blir begrepet journalistikkens samfunnsoppdrag underkasta kritikk og analyse ut frå ei rekkje ulike perspektiv: den filosofiske grunngjevinga for samfunnsoppdraget, samfunnsoppdraget i lys av presseetikkens teori og praksis, allmennkringkastingas praksis i ein ny fleirkulturell og fleirmedial kvardag, Google som den etter kvart viktigaste reiskapen i journalistanes verktøykasse og framtidas interaktive fjernsynsreportasje som no byrjar å vise seg. Forfattarane av artiklane i denne boka arbeider til dagleg med slike spørsmål blant anna i samband med fleire doktorgradsprosjekt frå dei siste åra. Dei har vore samla i forskingsprosjektet «Journalistikk i endring», som har sitt utspring i journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda. Redaktørar for boka har vore Johann Roppen og Sigurd Allern.

Detaljer