Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveranser og nettbutikk (oppdatert 3. oktober)

Omslagsbilde

Stilleben : dikt

Hauge, Øystein

Innbundet

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Evna til å skrive så mykje som muleg på minst muleg plass, er eit klassisk kjennemerke for kvalitet, uansett skriftform. I fleire av bøkene sine har poeten Øystein Hauge demonstrert meisterskapen sin i akkurat dette, og i årets diktsamling, Stilleben, gjer han det igjen. Kan ein fryse fast livet i ein avgjerande augeblink? Kan ein lodde djupet i historia til eit menneske i eitt bilete? På fire korte linjer malar han fram store drama, skuggelagte minne, svart sorg og tapt kjærleik, alt dyppa i Øystein Hauges særeigne kjensle for fargar og lydar, lukt og smak. høyre han som døydde i treogsytti seie på eit gammalt lydbandopptak: eg var den siste som høyrde stemmen hennar Øystein Hauge (f. 1956) debuterte med haikusamlinga Grønt i 2000. Stilleben er hans femte bok.

Detaljer

  • Utgivelsesdato:

    08.03.2010

  • ISBN/Varenr:

    9788210050954

  • Språk:

    , Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Tiden

  • Målgruppe:

    , Voksne

  • Litteraturtype:

    Skjønnlitteratur

  • Form:

    Dikt

  • Originaltittel:

    Stilleben

  • Sider:

    72

  • Høyde:

    17.6 cm

  • Bredde:

    17.3 cm