
Newmans usynlege verd : essay
Haram, Arnfinn
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
I «Newmans usynlege verd» legg Arnfinn Haram fram, med attenhundretals-teologen John Henry Newman som kjelde, eit autentisk kristent verdsbilete i dialog og konfrontasjon med dominerande tankegangar i samtida, no som då. Og kva er det vesentlege når vi snakkar om «den usynlege verda»? Er uttrykket «den usynlege verda» i Newmans teologi meint å skildre noko som (berre) kjem i tillegg til den synlege røyndomen? Eller blandar «den usynlege verda» seg med eller inn i den synlege? Er den usynlege berre usynleg? Er den synlege berre synleg? Sjølv om samtida endrar seg raskt - då Newman levde, ein gryande industriell revolusjon, stadig akselererande - endrar ikkje det på tilhøvet mellom den usynlege og synlege verda. Haram kallar vår tid «ein modernitet i krise», noko som gjer det naudsynt å vinna ny von til heile røyndomen. Paul Otto brunstad og Ståle Johannes Kristiansen har gitt boka ei fyldig innleiing: «Haram lyfter fram ei forkyn- ning som er nesten gløymd i vår tid: at også englane er meir verkelege ved at dei er usynlege - dei ser oss, betraktar oss og vernar oss. Haram har faktisk dedisert avhandlinga til sin eigen verneengel! Både for Newman og Haram er engleteo- logien meir enn teoriar. Her kjem vi tett på eit anna samband som stikk djupt i Harams personlege lesing av Newman: relasjonen mellom englar, det usynlege og venskap.»
-
Utgivelsesdato:
24.06.2022
-
ISBN/Varenr:
9788292922620
-
Språk:
Norsk (nynorsk)
-
Forlag:
Efrem forlag
-
Innbinding:
Heftet
-
Fagtema:
Filosofi og religion
-
Emne:
Teologi, Katolske kirker, Kirkehistorie
-
Målgruppe:
Voksen
-
Litteraturtype:
Sakprosa
-
Originaltittel:
Memoire en vue de l'obtention du baccalauréat canonique
-
Originalspråk:
Fransk
-
Sider:
159
-
Høyde:
20.5 cm
-
Bredde:
13.5 cm