Hopp til hovedinnhold

Klikk her for info om bokleveranser, faktura og nettbutikk (sist oppdatert 8.1)

Placeholder image

Vesle Pinne får besøk

Anderson, Lena

Innbundet

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Biletbok. Eit pinnsvin i lyseraud kjole sit einsam på kjøkenet og ønskjer at nokon skal kome på besøk. Det er ikkje morosamt å vere berre ein. Men snart kjem den eine etter den andre inn døra, og kjøkenet fylles med vener. Dei fleste har me høyrt om før i klokkeboka "Tikk,takk" , men nokre av figurane er nye. Kvart oppslag introduserer ein ny gjest i tekst og bilete, og inviterer lesaren til å telje med frå ein til ti. Teksten er skriven på rim og handlar om entreen til gjestene. Dei fargeglade bileta er haldne i ein naivistisk stil og viser små hendingar som ikkje vert kommentert i teksten. Til dømes har onkel Knut ein blome med seg når han kjem, Grisegutens yre glede synes å skremme nokre av gjestene og den venlege elefanten tilbyr frosken generøst ein kjeks. På denne måten oppmuntrar boka lesaren til å dikte med på fleire plan. Resultatet er ei særprega og sjarmerande biletbok for dei minste.

Detaljer