
Ungdom i rørsle 1 : aktørar og arbeidsformer
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Denne boka er den første av to artikkelsamlingar omkring temaet kristeleg ungdomsarbeid. I den første bolken gir sentrale aktørar greie for sitt arbeid. Dei har fått nokre spørsmål som mal for framstillinga: - Historie og omfang - Teologisk tradisjon og særpreg - Strategi og metode i ungdomsarbeidet - Utfordringar i forhold til dagens ungdomskultur Andre bolken går på arbeidsformer. Det gjeld t.d. idrett, speiding og Ten Sing. Men mest er det artiklar frå ulike aktivitetsformer knytt til forkynning og formidling, som Kreativt bibelarbeid, Forkynning i friluft, Konfirmantmusikal, Programarbeid, Ung Messe, Ungdomsfestival. Redaktøren skriv dessutan norsk om ungdomsarbeid sett frå eit hstorisk fugleperspektiv. Boka er først og fremst aktørane si bok. Dei har tennt på ideen og ytt det som trengst. Dei gjer greie for korleis arbeidet er, og for ulike arbeidsformer. Dei tek oss med inn i ei arbeidsform dei kjenner, i ein viss samtale med relevant faglitteratur. Målgruppa for boka er ungdomsleiarar og studentar. Det er ei bok der aktørane kan kike kvarandre over skuldra for å sjå korleis andre tenkjer og driv det. Det kan også andre interesserte i kyrkjer og organisasjonar gjere. Vidare skal boka brukast som lærebok i studium av kristeleg ungdomsarbeid. Kyrkjefag Profiler ein skriftserie frå Institutt for Religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda.
-
Utgivelsesdato:
2004
-
ISBN/Varenr:
9788251920209
-
Språk:
-
Forlag:
Tapir akademisk forlag
-
Fagtema:
Filosofi og religion
-
Målgruppe:
, Voksen
-
Litteraturtype:
-
Utgave:
1
-
Sider:
262