Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Silkevegar i språk og skrift : historier om eit lite land og verda. Band 1-2

Grepstad, Ottar

Heftet

Forventes utgitt

Forventes utgitt: 08.09.2026

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Silkevegar i språk og skrift inneheld berre setningar som er skrivne av menneske. Det er i to band på til saman 1401 sider. Eit eksklusivt og signert trykk på to sider ligg ved. Førehandssalet er i gang og avgjer kor stort opplaget blir. Siste frist for førehandstinging er 15. juni. Silkevegen var ein gong eit nettverk av handelsruter mellom aust og vest i verda. Langs silkevegar i språk og skrift fraktar forfattaren artiklar om all verdas emne til lesaren. Inngangane er mange, ofte ein detalj eller episode som forfattaren har snubla over. Jamt over endar han heilt andre stader enn der han tok til og med ein uventa slutt. Svært lite har vore prenta før, og det aller meste er skrive for dette verket. Tekstane er personlege, empiriske og prinsipielle, og dei står side om side med over 500 bilete på eit fundament av mange tusen kjelder. Mest av alt handlar Silkevegar om menneske og kvardagar under skiftande levekår, makthavarar og samfunnsformer. Difor er inga sak for lita og få emne for store. I band 1 fabulerer Ottar Grepstad over eit hundretal emne i korte epistlar gjennom heile alfabetet frå Afrika til årer. Han ryddar også i historia om ein mystisk papegøye i Venezuela, grip tak i Ivar Aasens siste setning og ser kritisk på Vinjes retoriske teori og praksis. Han fortel om hushjelpa Rasmina Støylom som skreiv dikt om ein fransk anarkist, oppdagar ukjende omsetjingar av mor Aases død i Peer Gynt og brettar ut historia om talaren som måtte teie i Trondheim. Og der er mykje meir. I band 2 får lesaren ei verdshistorie om skrift og ein serie norske forlagshistorier. Alt det reporteren Ruth Alvsen frå Bodø utretta, blir endeleg fortalt, og lesaren kjem tett på nokre av dei som viste sivilt mot under den tyske okkupasjonen. Forfattaren granskar over 200 norske poli-tiske slagord etter 1945 og utvidar historia om radikalisering i 1960- og 70-åra. Etter fleire essay om språk og demo-krati ryddar Ottar Grepstad til slutt i resonnement han har bala med i fleire tiår. Men der er mykje meir.

Detaljer