
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Det handlar om einsemd, forteiinga og vaksnes svik i denne romanen, der eg-personen er ein ung, foreldrelaus gut. Trass i at vi aldri får vete namnet hans og aldri med reine ord får ei forklåring på kva som eigentleg har hendt, kjem vi nært innpå ungguten som bur i eit falleferdig hus ved elva saman med ein forfylla onkel. Skulen og kameratane har han eit distansert og overberande forhold til, sjølv om jentene i klassen gjer fleire forsøk på å nærme seg å få innpass i det etter deira meining, eventyrlege livet hans. Etter å ha vore fråverande i lang tid, dukkar brått storebroren, Raymond opp på motorsykkelen sin. Gjennom ein del lyssky verksemd overtek han snart den leiande maktposisjonen i den tøffe drabantbygjengen som omgir seg med raske bilar, knivar og vald. I eg-personen får vi avslørt eit sart gutesinn som heile tida prøver å halde ei slags mental balanse i eit turbulent tilvære, og som stadig jaktar på ein identitet og bakgrunn. Han reflekterar over livet med erfaringen til ein vaksen. Språket er stramt, men levande, og romanen har, trass i ei vond undertone, innslag av burlesk og svart humor. Ei noko svak avslutning tar ikkje bort inntrykket av ein elegant komposisjon som gir antydningar til både italiensk mafiamiljø og machoheltar i det ville vesten! Og midt i det heile ein sårbar ungdom på leiting etter ein samanhang i tilværet. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).
-
Utgivelsesdato:
2007
-
ISBN/Varenr:
9788278442739
-
Språk:
-
Forlag:
Fono
-
Emne:
Foreldreløse barn
-
Målgruppe:
, Ungdom
-
Alder:
13 - 16
-
Litteraturtype:
-
Form:
Romaner