
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Kanskje ho denne septemberdagen for ein gongs skuld ikkje er for seint ute til ei lita sommarforelsking ... Ingeborg Sol Fure har i periodar av livet hatt det tungt og vanskeleg, men har lært seg å snu motgang til medgang. Ho viser i denne boka kor viktig det er å finne lyspunkt i det som er mørkt, forsterke det som er positivt, og ta ut si indre gudinne på ein fjelltopp når det passar seg slik. Drite i jantelova, vere optimist, bryte grenser og ha trua på at alt er mogeleg. Lukke for henne er å oppleve frydefulle augneblinkar som motvekt til det som er mørkt og trist. Å ta med seg ein kjole på ein fjelltur for å komponere eit bilete til ein melankolsk tekst, endar ofte i latterkrampe og positive opplevingar. Dei personlege dikta og historiene i denne boka handlar om nettopp dette: Å gå inn i heile spekteret av kjensler og vere eit heilt menneske på godt og vondt - og ikkje vere redd for å vise det.
-
Utgivelsesdato:
28.10.2020
-
ISBN/Varenr:
9788282401661
-
Språk:
-
Forlag:
Selja forlag
-
Målgruppe:
, Voksen
-
Litteraturtype:
-
Form:
Dikt
-
Sider:
120
-
Høyde:
21 cm
-
Bredde:
15 cm