Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Essayet : ein veg til kreativ fagskriving

Askeland, Norunn Åslund, Arnfinn Aamotsbakken, Bente

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Å skrive essay er eit av emna i norskfaget etter Fagfornyinga 2020. Men kva er eit essay, og korleis kan ein arbeide med det i grunnskule, vidaregåande skule og i høgare utdanning? Korleis kan elevar og studentar bli entusiastiske skrivarar av både personlege essay og andre, meir formelle saktekstar? Kva kan vi lære om å skrive essay av tidlegare og notidige essayistar, av romanforfattarar og av bloggarar? Den som sjølv vil bli ein god essayist, lyt også lese andre gode essayistar, og det er lurt å setje seg inn i tradisjonen for å forstå kva for grep ein kan gjere bruk av. I den historiske delen av boka drøftar forfattarane korleis dei kjente klassiske essayistane, frå den romerske filosofen Seneca, via renessansens Michel de Montaigne og Francis Bacon til våre eigne Ludvig Holberg, Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg har prega essayet. Opp mot vår eiga tid drøftar forfattarane korleis den framveksande pressa, både avisene og tidsskrifta, skapar gode vilkår for essayet, og legg til rette for eit mangfald av essayistiske skrivemåtar. Boka tek også for seg essaytypar og essayistiske skrivemåtar, essayet og det kunstnarlege, essayet og det dialogiske, og ikkje minst, essayet som språkleg forskingsstasjon. I tillegg er det eit kapittel om essayet i den digitale notida, og eit kapittel om kva lærebøkene fortel og ikkje fortel om essayet. Alle kapitla har tips til skriveøvingar og råd for den som vil lære å skrive essayistisk. Norunn Askeland (f. 1951) er professor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ho har skrive lærebøker i norsk for grunnskulen og høgare utdanning og ei rekkje vitskaplege bøker og artiklar. Forskingsinteressene hennar er metaforteori- og analyse, lærebokspråk, nynorskdidaktikk, essayskriving og kreativ akademisk skriving. Bente Aamotsbakken (f. 1948) professor emeritus i tekstforsking ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ho har skrive lærebøker for høgare utdanning, ei rekkje vitskaplege bøker og artiklar. Forskingsin

  • Utgivelsesdato:

    25.05.2021

  • ISBN/Varenr:

    9788234004971

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Samlaget

  • Innbinding:

    Heftet

  • Fagtema:

    Litteratur

  • Emne:

    Essay, Forfatterskap, Skriftlig kommunikasjon

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Faglitteratur

  • Originaltittel:

    Essayet

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Sider:

    142

  • Høyde:

    24 cm

  • Bredde:

    17 cm

Nynorsk på nytt

Nynorsk på nytt

Askeland, Norunn • Falck-Ytter, Cecilie • Ertzeid, Ingrid
9788245034257 Heftet
29.06.2020
Norsk (nynorsk)

I salg
Døden i livet

Døden i livet

9788202636319 Heftet
04.12.2019
Norsk (bokmål), Norsk (nynorsk), Engelsk

Produseres på bestilling
Metaforer i tekster : hva, hvor og hvorfor?

Metaforer i tekster : hva, hvor og hvorfor?

Askeland, Norunn • Agdestein, Magdalena W.
9788215029634 Heftet
04.06.2019
Norsk (bokmål)

I salg
Folk uten land? : å gi stemme og status til urfolk og nasjonale minoriteter

Folk uten land? : å gi stemme og status til urfolk og nasjonale minoriteter

Askeland, Norunn
9788283140941 Heftet
07.11.2016
Norsk (bokmål), Engelsk, Svensk

Utsolgt
Lesing, lekser og læring : tilpasset opplæring og inkludering i den flerkulturelle skolen

Lesing, lekser og læring : tilpasset opplæring og inkludering i den flerkulturelle skolen

Askeland, Norunn • Aamotsbakken, Bente • Laugerud, Stein
9788215021720 Heftet
28.05.2014
Norsk (bokmål)

Utsolgt
Om å utfordre vanen : samtaler om litterær sakprosa

Om å utfordre vanen : samtaler om litterær sakprosa

Askeland, Norunn
9788202409593 Heftet
11.04.2014
Norsk (bokmål)

Utsolgt
Læreboka : studier i ulike læreboktekster

Læreboka : studier i ulike læreboktekster

9788232101528 Heftet
20.08.2013
Norsk (bokmål), Norsk (nynorsk), Dansk, Svensk

Utsolgt
Syn for skriving : læringsressurser og skriving i skolens tekstkulturer

Syn for skriving : læringsressurser og skriving i skolens tekstkulturer

9788202409609 Heftet
06.05.2013
Norsk (bokmål)

Utsolgt
Lesing, lekser, læring : minoritetsspråklige elevers lesing av fagtekster

Lesing, lekser, læring : minoritetsspråklige elevers lesing av fagtekster

Askeland, Norunn • Aamotsbakken, Bente
9788245011548 Heftet
2011
Norsk (bokmål)

Vil ikke utkomme