Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveranser og nettbutikk (oppdatert 10. september)

Omslagsbilde

Heime og ute : brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886-1932

Kleiven, Ivar Prestgard, Kristian

Innbundet

I salg

Leveringstid: 9-12 dager

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Kulturhistorikaren Ivar Kleiven frå Vågå og pressemannen Kristian Prestgard frå Heidal var venner frå ungdommen og gjekk i lag på Seljord folkehøgskule 1885-86. Sidan budde Kleiven fast i Vågå, men Prestgard reiste ut, først til Danmark og i 1893 til Amerika. Dei møttest berre éin gong seinare, sommaren 1927. Breva vart det personlege bandet mellom dei. Her fortel dei om arbeid, kultur, heimeliv og lengt i eit levande, personleg språk. Kleiven bruker både vågåmål, austlandsmål og landsmål. Prestgard skiftar frå dialekt og landsmål i Noreg til riksmål i Amerika, men den lokale tonen ligg alltid under. Heile brevskiftet blir her utgjeve i uavkorta form og med original rettskriving. Innleiinga inneheld biografiske omtalar av Kleiven og Prestgard, tidstavler og brevoversyn, og ei utgreiing om tekst og redigeringsprinsipp. Utgåva har ei stor mengd forklarande notar og fyldige emne- og personregister til slutt. Gudmund Harildstad (f. 1965 i Ringebu) er konsulent i Norsk lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblioteket. I åra 1993-2015 var han konsulent i Norsk Ordbok ved Universitetet i Oslo. Han har gjeve ut Frå barndomen (1993) og Brev til Decorah-Posten (1994) av Ivar Kleiven, Kristian Prestgards sjølvbiografi Fra Heidal til Decorah (1996), ei ny utgåve av Ivar Aasens Norske ordtak (2003) og Kristofer Visteds Jul i gamle dager (2016). Kristoffer Kruken (f. 1950 i Leksvik) er professor i namnegransnking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekkje artiklar om etterreformatoriske personnamn og elles gjeve ut Norsk personnamnleksikon (3. utgåva 2013), Sophus Bugges brev I-III (2004), Personnamnarbeid av P.A. Munch (2016) og Ivar Aasen: Norsk Navnebog (1878; 1997), Ordbog over det norske Folkesprog (1850; 2000) og Norsk Ordbog (1873; 2003), dei tre siste saman med professor Terje Aarset, Høgskulen i Volda.

I gamle daagaa : forteljingo og bygda-minne fraa Vaagaa

I gamle daagaa : forteljingo og bygda-minne fraa Vaagaa

9788283900330 Innbundet
11.05.2020
Norsk (nynorsk)

I salg
Brev til Decorah-Posten

Brev til Decorah-Posten

9788290072501 Heftet
1995
Norsk (bokmål)

I salg
Lom og Skjaak : gamal bondekultur i Gudbrandsdalen

Lom og Skjaak : gamal bondekultur i Gudbrandsdalen

9788203059513 Innbundet
1973
Norsk (nynorsk)

Utsolgt