Hopp til hovedinnhold

Klikk her for viktig info om avvik i leveranser og faktura, og for å lese om utvikling i nettbutikk (oppdatert 18. november)

Omslagsbilde

Menneskesinnet 2 : psykologi vg3 studieførebuande

Haugland, Erlend Pallesen, Ståle

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

MENNESKESINNET 2 er eit læreverk for programfaget psykologi 2 på studieførebuande vg3. MENNESKESINNET 2 er oppdatert på psykologisk forsking. Når du har lese heile boka, er du godt førebudd på å studere psykologifaget vidare på universitet eller høgskule. Men boka er også lagd til rette for deg som berre vil ha ei innføring i kva psykologi er. Begynn med å lese ingressane i starten av kvart kapittel, sjå på bileta og lese bilettekstane. Då får du ei rask innføring i dei enkelte kapitla. Du kan også lese gjennom ingressar og bilettekstar når du seinare vil repetere lærestoffet. Bakarst i kvart kapittel finn du spørsmål som hjelper deg med å bli betre kjend med kapittelet. Du finn svar på alle spørsmåla i boka. Legg merke til at alle viktige omgrep er utheva i teksten. Dersom du treng hjelp til å finne eit ord eller eit namn, kan du slå opp heilt bakarst i boka. Der står det ei alfabetisk liste over ord og namn og kva sider dei er omtalte på. Verket er utvikla til fagfornyinga, i tråd med den nye læreplanen frå 2021. Du som er lærar, kan finne ei oversikt etter kapittel 10 som viser kva for kapittel som dekkjer kva for læreplanmål.

Detaljer