
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Kalenderen er sett saman av 24 handplukka, nyomsette tekstar frå verdslitteraturen – kvar av dei utgitt som si eiga vesle trådinnbundne hardcoverbok og samla i ein dekorativ boks. Bøkene blir trekte i tekstil i fire ulike fargar og samla i ein spesialdesigna kassett laga av illustratør og designar Andreas Töpfer. På ryggen vil dei silketrykte illustrasjonane danne eit bilete som kan setjast saman fritt. Utvalet inneheld tekstar av meisterlege forteljarar som Oscar Wilde, Fjodor Dostojevskij, E. T. A. Hoffmann, Selma Lagerlöf, Charles Dickens, Kate Chopin, Lev Tolstoj, Bolesław Prus, Maurice Maeterlinck og Fernando Pessoa – for å nemne nokre. Skalds klassikarkalender er ikkje berre ein julekalender, men eit gjennomarbeidd leseverk i 24 delar.




