Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveransene våre (sist oppdatert 5. september)

Omslagsbilde

Kyrkjeleg undervisning og utdanning : ein konferanserapport

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Det kan lyda som ein klisjé å seia at kyrkja står framfor nye og store utfordringar no i starten av det andre tusenåret sitt her i landet. Påstanden summerer likevel opp mange og avgjerande endringar i forholdet mellom kyrkja og samfunnslivet. Det er difor all grunn til å ta han på alvor. At det knakar i statskyrkjesystemet er berre ei side av dette. Like viktig - og kanskje meir djuptgripande - er spørsmålet om Den norske kyrkja framleis kan kallast ei folkekyrkje. Eit vesentleg moment i dette er det omskiftet som har skjedd i skulen si religionsundervisning, frå å ha vore ei konfesjonell kristendomsopplæring til å bli ei meir allmenn religions- og livssynsundervisning. Dette har nemleg medført at kyrkja ikkje lenger kan lita på at skulen gjev den elementære opplæring og undervisning i kristendom som ho ønskjer for medlemmene sine. I staden har ho måtta utvikla eit eige kyrkjeleg opplæringsprogram. Eit viktig poeng er no at dette opplæringsprogrammet krev ei ny og langt tyngre satsing enn før også på kyrkjeleg utdanning. For det trengst sjølvsagt lærarkrefter til den nye kyrkje-lege undervisninga. Og det trengst ei utdanning som kan gje dei tilstrekkelege faglege og pedagogiske kvalifikasjonane. Det er med andre ord avgjerande viktig enno ein gong å retta interessa mot kateketen og kateketutdanninga. Det er denne tematikken omkring forholdet mellom kyrkjeleg undervisning og utdanning denne artikkelsamlinga tek opp. Artiklane byggjer i hovudsak på foredrag haldne på ein konferanse om kyrkjeleg utdanning og undervisning ved Høgskulen i Volda hausten 2002. Kyrkjefag Profil er ein skriftserie frå Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda.

De gamle stier : historien om menigheten Samfundet, Det Almindelige Samfund og andre sterkttroende

De gamle stier : historien om menigheten Samfundet, Det Almindelige Samfund og andre sterkttroende

9788202719753 Kyrkjefag profil 41 Heftet
17.06.2021
Norsk (bokmål)

Produseres på bestilling
Rom og sted : religionsfaglige og interdisiplinære bidrag

Rom og sted : religionsfaglige og interdisiplinære bidrag

9788202699529 Kyrkjefag profil 37 Heftet
08.12.2020
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

Produseres på bestilling
Peder Borgen : metodist - økumen - professor i en brytningstid

Peder Borgen : metodist - økumen - professor i en brytningstid

9788202695439 Kyrkjefag profil 40 Heftet
01.12.2020
Norsk (bokmål)

Utsolgt
Erling Kristvik - en nasjonal strateg?

Erling Kristvik - en nasjonal strateg?

9788202704513 Kyrkjefag profil 39 Heftet
24.11.2020
Norsk (bokmål)

Produseres på bestilling
Levde lærerliv : Volda-læreren i brevbøker 1930-1995

Levde lærerliv : Volda-læreren i brevbøker 1930-1995

9788202707194 Kyrkjefag profil 38 Heftet
24.11.2020
Norsk (bokmål)

Produseres på bestilling
Tru på Vestlandet : tradisjonar i endring

Tru på Vestlandet : tradisjonar i endring

9788202686529 Kyrkjefag profil 36 Heftet
24.06.2020
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

Produseres på bestilling
NLA Høgskolen : fagutvikling og sjølvforståing på kristen grunn

NLA Høgskolen : fagutvikling og sjølvforståing på kristen grunn

9788202686536 Kyrkjefag profil 35 Heftet
18.06.2020
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

Produseres på bestilling
Varslingsklokken : Berte Kanutte Aarflot - bondekone og vekkerrøst

Varslingsklokken : Berte Kanutte Aarflot - bondekone og vekkerrøst

9788202673192 Kyrkjefag profil 34 Heftet
24.03.2020
Norsk (bokmål)

Produseres på bestilling
Religion og etikk i skole og barnehage

Religion og etikk i skole og barnehage

9788202664824 Kyrkjefag profil 33 Heftet
16.12.2019
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

Produseres på bestilling
Kristne grunnskoler : begrunnelse - innhold - handlingsrom

Kristne grunnskoler : begrunnelse - innhold - handlingsrom

9788202610357 Kyrkjefag profil 32 Heftet
06.09.2018
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

Utsolgt