
Flyge lågt over fluda : Antologi 2026
Innbundet
Leveringstid: 9-12 dager
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Møre og Romsdal Forfattarlag med antologi: 31 forfattarar i éi bok Mangfaldet er stort når Møre og Romsdal Forfattarlag gir ut bok med tekstar av heile 31 forfattarar. – Boka viser at vi har eit sterkt og allsidig litterært miljø her i fylket, seier Svein Sæter, leiar i forfattarlaget. «Flyge lågt over fluda» er den femte antologien frå laget, og den første på eigen kjøl på meir enn 30 år. Boka rommar både lyrikk og prosa, korte og lengre tekstar, med stort spenn i stil, sjanger og tematikk. Her skriv etablerte og nye røyster side om side, fastbuande, tilflytta og utflytta forfattarar. Aldersspennet er vidt og kjønnsbalansen god. Til saman speglar bidraga både tradisjonar og band til lokalmiljø, og korleis impulsen frå den større verda også formar blikket på heimstaden. «Kanskje er vi fuglar som flyg lågt over fluda. Kanskje orda våre rører vassflata og skaper små krusningar i det stille,» skriv redaksjonskomiteen i forordet. Ei flud, eller flu, er eit skjer som ligg under overflata når det er flo. Antologien spør etter kva som finst i djupna – i landskapet, i historiene og i menneska som bur her eller ber heimstaden med seg vidare.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
06.06.2026
-
ISBN:
9788269336146
-
Språk:
-
Forlag:
Blomsterhaug forlag -
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Form:
-
Originaltittel:
Flyge lågt over fluda








