
Fogderifylket Møre og Romsdal
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Møre og Romsdal er ofte omtalt som eit "fogderifylke", kjenneteikna av ei rekkje langvarige og utfordrande konfliktar mellom dei tre tidlegare fogderia Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Det har som me skal sjå i denne boka blitt vist til interne kulturelle, administrative og økonomiske interessekonfliktar mellom fogderia i fylket gjennom fleire hundreår, og det blir ofte hevda at den såkalla "fogderistriden" framleis gjer seg gjeldande også i våre dagar. Som eit resultat av dette, har det ved fleire høve også vorte ytra ønskje om å dele fylket med bakgrunn i desse påståtte fogderivise skilja og konfliktane. Ønsket med denne boka er difor å forske på identitetar, kultur, brytningar, konfliktar og samarbeid i dette fylket, som ligg som eit kulturgeografisk grenseland mellom Vestlandet, Austlandet og Trøndelag. I fleire av artiklane vil målet også vere å utfordre relevansen av og problematisere i kva grad og på kva vis dei påståtte historiske skiljelinene og konfliktane, og dei potensielt reelle eller førestilte fellesskapa, er samtidsaktuelle faktorar i området også i dag.
-
Utgivelsesdato:
28.09.2022
-
ISBN/Varenr:
9788283051339
-
Språk:
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)
-
Forlag:
Museumsforlaget
-
Innbinding:
Heftet
-
Fagtema:
Historie og arkeologi
-
Emne:
Kulturhistorie, Lokalforvaltning, Møre og Romsdal
-
Målgruppe:
Voksen
-
Litteraturtype:
Faglitteratur
-
Sider:
222
-
Høyde:
24 cm
-
Bredde:
17 cm