I salg
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Musikkvideo er eit nytt medium og ein ny sjanger på fjernsynsskjermen, og i denne boka får vi ei innføring i historia til dette mediet frå 60- til 80tall. Boka tek som utgangspunkt at ein musikkvideo er ein utvida tv- reklame som har som mål å selje plater. Forf. gjer greie for ulike typar video når det gjeld form og innhald, han dekkjer både lyd- og biletsida, og drøftar musikkvideo som ein del av rockekultur og visuell ungdomskultur. Hangir og ei kritisk innføring i utanlandske standardverk og ulike teoretiske perspektiv på musikkvideo. Reg. med prod.opplysningar om videoar nemnde i boka.
