
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
I diktsamlinga "Robotsand" er dokka, både som leike og symbol, eit bilete på menneskeleg liv. Dikta er nærast ein slags kviskreleik, og lesaren tar sjølv del i lyttearbeidet. Her kan vi mellom anna høyre stemmene frå padledokker, gravgåver i det gamle Egypt og dokkene som er hengde opp i tre til minne om tapte barn på øya Isla de las Munecas. Svenske Åsa Maria Kraft sine dikt er opne og leikande. Her finst heimesnikra hundar som er plasserte i rundkøyringar og Hypsiphrone frå dei gnostiske skriftene. Forfattaren skriv bøker som leikar seg i grenselandet mellom poesi og prosa, og ho har motteke fleire prisar. Dette er fyrste gong ho er omsett til norsk. Dikta i "Robotsand" er gjendikta av Martin Ingebrigtsen. Omtalen er utarbeidd av BS.
-
Oversetter:
-
Utgivelsesdato:
20.10.2021
-
ISBN/Varenr:
9788234002243
-
Språk:
-
Forlag:
Samlaget
-
Emne:
Dukker
-
Målgruppe:
, Voksen
-
Litteraturtype:
-
Form:
Dikt
-
Originalspråk:
-
Sider:
120
-
Høyde:
23.4 cm
-
Bredde:
15.9 cm
-
Innkjøpsordning:
Norsk skjønnlitteratur - lyrikk