
Forventes utgitt: 07.09.2026
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Sus bak graner brus under fossar klingande latter lydar frå livet i fjerne tider Ho fann ei klopp sprang frå stein til stein forsvann inn i skodda attende i tida Ei dotter. Ei mor. To liv bundne saman av ein kjærleik som aldri tek slutt. I vakre, lyriske småtekstar og dikt skriv Christi Sjetne om dottera og eventyrjenta som ikkje greidde livet – og om sorga som vart att. Korleis kan ein leve vidare etter å ha mista eit barn som har tatt livet sitt? To liv er ei sterk og sår prosalyrisk bok om morskjærleik, botnlaust sakn og om å leite etter sin eigen veg når livet endrar seg for alltid. Christi Sjetne har arbeidd som lærar i norsk og samfunnsfag i 40 år, både i ungdomsskolen og på vidaregåande skole. Ho har også spesialpedagogikk i fagkretsen. Sjetne er representert med tekstar i ulike antologiar. I tillegg har ho gjeve ut dei sterke romanane Dag blir ikke dag og Skyggebarn. Trykk: LaserTrykk.no Papir: G-print 115 g Fontar: Adobe Jenson Pro 12,5/16, Optima 11,5/16 Ombrekking og bokdesign: Sven Ohrvik Illustrasjonar: Victoria Elise Sjetne www.skriveakademiet.com www.skrivekurs.no ISBN 978-82-93636-88-5
Detaljer
-
Redaktør:
-
Illustratør:
-
ISBN:
9788293636885
-
Språk:
-
Forlag:
Skriveakademiet -
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Form:
, Dikt
-
Utgave:
1

