Hopp til hovedinnhold

Klikk her for viktig info om avvik i leveranser og faktura, og for å lese om utvikling i nettbutikk (oppdatert 18. november)

Omslagsbilde

Tolkingar av grunnlova : om forfatningsutviklinga 1814-2014

Holmøyvik, Eirik

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

I 200 år har norske juristar stilt dette spørsmålet. Og ikkje sjeldan har grunnlovstolkinga stått i sentrum for politisk strid. 1800-talets forfatningskampar mellom Kongen og Stortinget er historie, men fortidas tolkingsspørsmål er avløyst av nye som følgje av utfordringane i vår tid. Grunnlova i dag er ei anna enn i 1814. Ikkje berre er grunnlovsteksten endra mange gongar i løpet av desse to hundreåra. Grunnlova har òg vore underkasta ulike og skiftande tolkingar som følgje av samfunnsutviklinga og politiske skifte. Kva rolle har grunnlovstolkinga spelt for forfatningsutviklinga i Noreg, og kva rolle bør ho ha? I denne boka vert grunnlovstolkingas rolle i forfatningsutviklinga diskutert historisk og notidig og med blikk mot våre nordiske naboland.

Detaljer