Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Hardanger I-III : ei regionhistorie

Myking, John Ragnar Kristiansen, Jo Rune Ugulen Økland, Bård Gram Angell, Svein Ivar Byrkjeland, Martin Grove, Knut Kolle, Herdis

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Hardanger har vorte sjølve symbolet på det norske, men er likevel noko for seg sjølve. Hardanger, ei regionhistorie, vert gitt ut i tre rikt illustrerte band hausten 2014. Verket fortel historia om folket langs fjorden, frå dei første jegerane busette seg under ein heller i Herand, til dagen bilane byrja kryssa brua over fjorden mellom Bu og Vallavik. Band 1 fortel om utviklinga frå steinalderen og fram mot jordbrukssamfunnet kring 1750. Band 2 fortel om moderniseringa av bondesamfunnet fram mot 1900. Band 3 fortel om tida etter at storindustrien og fruktdyrkinga for alvor gjorde sitt inntog i regionen etter 1900. Om forfattarane: Svein Ivar Angell (f. 1967) er historikar og forskar ved Uni Research Rokkansenteret i Bergen, og førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Bergen, og Forutan lokal- og regionhistorie har han arbeidd med emne som nasjonal identitet og ressursforvaltning. Han har mellom anna skrive om AS Tyssefaldene (2006). Martin Byrkjeland (f. 1955) er uavhengig historikar. Han har særleg arbeidd med teknologi-, industri- og arbeidslivshistorie, og mellom anna skrive om industrien i Ålvik, Høyanger og Årdal. Knut Grove (f. 1964) er historikar og forskar ved Uni Research Rokkansenteret i Bergen. Han har særleg arbeidd med arbeidslivshistorie og lokal- og regionalhistorie. Han har mellom anna skrive bygdesoga for Eidfjord (2010). Herdis Kolle (f. 1969) er historikar og forskar ved Uni Research Rokkansenteret i Bergen, og tilsett som seniorrådgjevar ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) i Bergen. Ho har særleg arbeidd med demografiske emne og nyare sosial- og agrarhistorie i eit europeisk perspektiv. John Ragnar Myking (f. 1945) er professor i historie ved Høgskulen i Bergen. Han har særleg arbeidd med eldre norsk og europeisk agrarhistorie, og har dessutan vore engasjert i fleire lokal- og regionalhistoriske verk, mellom anna som initiativtakar til og medredaktør av fembandsverket Strilesoga, regionhistoria for Nord- og Midhordland (1996 2001). Jo Rune Kristiansen Ugulen (f. 1968) er historikar og norrønfilolog, og tilsett som førstearkivar ved Riksarkivet i Oslo, der han mellom anna er redaktør for Diplomatarium Norvegicum. Han har særleg arbeidd med politisk og sosial- og agrarhistorie i mellomalderen. Bård Gram Økland (f. 1970) er arkeolog og undervisningsleiar ved Bergens Sjøfartsmuseum. Han har særleg arbeidd med lokal- og mellomalderhistorie og eldre sjøfartshistorie, og var med å redigere boka om Halsnøy kloster (2013).

  • Utgivelsesdato:

    10.04.2015

  • ISBN/Varenr:

    9788245010701

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Fagbokforlaget

  • Innbinding:

    Innbundet

  • Fagtema:

    Livsstil, hobby og fritid

  • Emne:

    Lokalhistorie, Hordaland

  • Serie:

    Hardanger I-III

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Faglitteratur

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Utgave:

    1

  • Høyde:

    23 cm

  • Bredde:

    22.7 cm

Hardanger I : ei regionhistorie : til 1750

Hardanger I : ei regionhistorie : til 1750

Myking, John Ragnar • Kristiansen, Jo Rune Ugulen • Økland, Bård Gram
9788245010718 Innbundet
10.04.2015
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Hardanger II : ei regionhistorie : 1750-1900

Hardanger II : ei regionhistorie : 1750-1900

Angell, Svein Ivar • Byrkjeland, Martin • Grove, Knut • Kolle, Herdis
9788245010725 Innbundet
10.04.2015
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Kvifor vart det slik? : norsk historie gjennom 10 000 år

Kvifor vart det slik? : norsk historie gjennom 10 000 år

Myking, John Ragnar • Angell, Svein Ivar • Dørum, Knut
9788202517502 Heftet
12.03.2021
Norsk (nynorsk)

I salg
Hardanger I : ei regionhistorie : til 1750

Hardanger I : ei regionhistorie : til 1750

Myking, John Ragnar • Kristiansen, Jo Rune Ugulen • Økland, Bård Gram
9788245010718 Innbundet
10.04.2015
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Bauern zwischen Herrschaft und Genossenschaft

Bauern zwischen Herrschaft und Genossenschaft

9788251921947 Heftet
2007
Engelsk, Tysk

Utsolgt
Herre over andre si jord? : norske leiglendingsvilkår i europeisk lys 1500-1800

Herre over andre si jord? : norske leiglendingsvilkår i europeisk lys 1500-1800

Myking, John Ragnar
9788276341850 Heftet
2005
Norsk (nynorsk)

Utsolgt