
Presseskikkens samtale : samtaleposisjonar for Norsk Presseforbund sitt faglege utval : 1930 - 1972
Heftet
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Korleis har Norsk Presseforbund sitt faglege utval, representert ved etter måten få menn, forvalta omgrepet "god presseskikk" i perioden 1930-1972? Dette er hovudspørsmålet i denne boka. Studien kviler på diskursanalytiske innsikter og innsikter frå profesjonssosiologi. Stikkord for utvalet er ordenssøking på jakt etter autoritet. Studien viser eit utval som moralsk strekar under orden framfor uorden. Journalistisk vektlegg det tradisjonelle ideal framfor alternative, utfordrande stilar. Politisk støttar det seg til den breie konsensusen framfor det systemkritiske og systemutfordrande. Alle som er interesserte i nyare norsk historie, journalistikk og presseetikk vil ha utbytte av denne boka. Lars Arve Røssland er dr.polit. og medieforskar ved Institutt for medievitskap ved Universitetet i Bergen. Han skreiv hovudoppgåve om allmenta sine representantar i Pressens Faglige Utvalg, "PFU: Brød, sirkus og presse-etikk. Pressens faglige utvalg og allmennheten" (1993, 1995 i Institutt for medievitskap sin rapportserie). Dessutan har han gitt ut boka "Tilfeldig gapestokk. Pressens identifisering i kriminalsaker" (1998, saman med Bjarne Kvam). Røssland har tidlegare også arbeidd som journalist. Avhandling innlevert for graden dr.polit. ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Bergen, 1999.
-
Utgivelsesdato:
1999
-
ISBN/Varenr:
9788276745320
-
Språk:
-
Forlag:
Fagbokforlaget
-
Fagtema:
Samfunn og samfunnsvitenskap
-
Målgruppe:
, Voksen
-
Litteraturtype:
-
Utgave:
1
-
Sider:
333