Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Skog for emne

Godal, Jon Bojer

Heftet

Forventes utgitt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

I Skog for emne rettar forfattaren blikket mot alt det gode, vakre og nyttige vi kan laga av tre – eller rettare: av skog og tre. Emna blir til i skogen, og skogen lyt skjøttast slik at dei oppstår. Noko av potensialet ligg klart til bruk. Anna krev omtanke og stell gjennom nokre få år – eller gjennom to hundre år og jamvel meir. Dette er ikkje ei fullstendig framstilling, men ei samling døme. Kvart av treslaga våre har vore nytta til mangt og til ulike føremål gjennom livslaupet. Der vi har tynna i ris og renningar, kjem det fram emne til vidjer og sveig. Seinare kan vi få fram trandle-emne, før vi kan flekkje kvit never frå rake, oppkvista stammer. Når neverbjørka er passeleg tjukk, kan ho gje skiemne, og snart blir ho snikkarbjørk. Nokre av bjørkene får krok og kan høve til stamn i båt, medan greinene på dei største kan bli emne til keip. Vi vonar boka vil skjerpe appetitten og få fleire til å utforske det store potensialet i skogstrea våre. Dei er meir enn liter tømmer. Jon Bojer Godal (f. 1937) er kjend for utviklinga av omgrepet handlingsboren kunnskap og han har arbeidd med og i utøvande kunnskapsformer. Han står for ein omfattande dokumentasjon knytt til bygging av hus, så vel som av bygging og bruk av båtar i tradisjonsborne mønster i

Detaljer