Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å lese om avvik i bokleveranser (oppdatert 18.8)

Omslagsbilde
Kulturfond

Echo Mountain : forteljingar frå L.A.

Kleiva, Anna

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

«... eg veit at eg alltid har likt det som er slik LA er, spraglete, smektande, motstridande, det som er for mykje, det som ikkje er stilreint, ikkje samanhengande, eit mylder. Det går ikkje an å finne eit punkt der alt starta, det går ikkje opp; dette er berre ein måte å fortelje ei historie på. LA er inga logisk forteljing. Det er derfor eg vil fortelje den.» Los Angeles er hovudperson i Anna Kleivas første prosabok, som gjennom ulike perspektiv og forteljemåtar forsøker å kartleggje og forstå den oppdelte og sprikande amerikanske byen. Reiseskildringar frå fleire møte med L.A. i perioden 2008-2017 blir i denne boka føydd saman med forteljingar, samtalar, poetiske og essayistiske tekster, og ei viss Angelenas brev til ukjend adressat. «Echo Mountain» handlar om byen som draum, myte og fiksjon, men også om jakta på kva slags stemmer, historier og realitetar som skjuler seg under den glitrande overflata. Det er ei bok om å ha ein kjærleiksaffære med ein by, om tiltrekking og utstøyting, men også om å betrakte og skildre: Korleis fortelje om det som er skiftande og fullt av motsetningar, som ikkje lèt seg fange eller avgrense? Anna Kleiva kombinerer forteljande, sansande og essayistisk språk på ein eigenarta måte, og viser byen som natur og konstruksjon, jungel og maskin: «Echo Mountain» er eit flettverk av tekster om byen slik den blir sett frå fjellet, ørkenen, motorvegen eller Downtown, og slik den møter oss i litteratur, poesi, film, folklore og musikk, i kulturen og historia. Det er ei rik og mangslungen bok, dels inderleg og subjektiv, dels undersøkande og analytisk, tvers igjennom fascinerande og klok. Boka er illustrert med fotografi av Yngvild Gotaas Torvik.

  • Utgivelsesdato:

    20.09.2018

  • ISBN/Varenr:

    9788249519644

  • Språk:

    , Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Oktober

  • Fagtema:

    Livsstil, hobby og fritid

  • Emne:

    Los Angeles

  • Målgruppe:

    , Voksen

  • Litteraturtype:

    Faglitteratur

  • Form:

    Kortprosa

  • Originaltittel:

    Echo Mountain

  • Originalspråk:

    Norsk (bokmål)

  • Sider:

    324

  • Høyde:

    21.3 cm

  • Bredde:

    14.1 cm

  • Innkjøpsordning:

    Norsk skjønnlitteratur - prosa

Kulturfond
Triks : dikt

Triks : dikt

Kleiva, Anna
9788249530342 Heftet
12.08.2025
Norsk (nynorsk)

I salg
Tunga mi protesterer mot døden : palestinske dikt

Tunga mi protesterer mot døden : palestinske dikt

9788249529315 Innbundet
17.09.2024
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

I salg
Kulturfond
Solplomme

Solplomme

Kleiva, Anna
9788249528769 Innbundet
26.08.2024
Norsk (nynorsk)

I salg
Late dagar, ville netter

Late dagar, ville netter

Babitz, Eve
9788202789961 Heftet
30.03.2023
Norsk (nynorsk)

I salg
Kulturfond
Late dagar, ville netter

Late dagar, ville netter

Babitz, Eve
9788202716301 Innbundet
30.04.2022
Norsk (nynorsk)

I salg
Kulturfond
Merkur : dikt

Merkur : dikt

Reines, Ariana
9788252190359 Heftet
06.11.2019
Norsk (nynorsk)

I salg
Lyse netter. Vol. 1

Lyse netter. Vol. 1

Aasprong, Monica • Blad, Hans Petter • Wærness, Gunnar • Bakke, Gunstein • Kleiva, Anna • Isakstuen, Monica • Lugg, Casper André • Kielland, Victoria • Koritzinsky, Roskva • Andersen, Sindre • Skotte, Henrik • Holm, Andreas Vermehren • Storm, Stinne • Sund, Torgrim Wahl • Imam, Silvana
9788293317852 Heftet
04.06.2018
Dansk, Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

I salg
Telefon

Telefon

Reines, Ariana
9788293317517 Heftet
03.08.2017
Norsk (nynorsk)

I salg
Kulturfond
Det enkle og det einsame

Det enkle og det einsame

Nordenhof, Asta Olivia
9788252190175 Heftet
02.01.2017
Norsk (nynorsk)

Utsolgt