Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveransene våre (sist oppdatert 22.8)

Omslagsbilde

Norsk litterær årbok 2020

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Norsk litterær årbok er ein årleg litteraturvitskapleg antologi. I 2020-utgåva løftar Madelen Brovold fram forfattaren Elsa Dickmans gløymde roman Korsveien (1946), og viser korleis norsk-jødiske kvinner sine erfaringar er vortne ekskluderte frå minnekulturen kring Holocaust. Petter Aaslestad kastar eit blikk på Arthur Omres Det onde øie (1940) som psykiatriroman. Geir Hjorthol undersøkjer prosaens stille musikk i Lars Amund Vaages poetikk, og Heming Gujord analyserer Kjartan Fløgstads Due og drone (2019) som ein roman om fortidsomarbeiding, og les han i lys av striden mellom Fløgstad og Den Norske Forfatterforening. Det norske teikneserieåret 2019 blir sett under lupa av Øyvind Vågnes. Dette er første gong NLÅ tek opp teikneseriar. Vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, den danske forfattaren Jonas Eikas novellesamling Efter solen og resten av forfattarskapen hans blir lese i lys av scifi- og fabulasjon. Årboka inneheld også artiklar om Jonas Ramus (1649-1718) som nasjonalmytemakar, Olav H. Hauges boksamling, om korleis fjella endrar seg i norsk lyrikk, og om pengar, føremålsrasjonalitet og kvantitativ logikk i Henrik Ibsens Samfundets støtter. Dessutan set to artiklar fokus på nyare norsk dramatikk, og ein drøftar litteraturundervisningas potensial i ein kompetanseorientert utdanningsdiskurs. Benedikt Jager (f. 1966) er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. Han har særleg interessert seg for og forska på kulturelle samband mellom Noreg og Aust-Tyskland. Nora Simonhjell (f. 1970) er førsteamanuensis ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. Ho arbeider mest med spørsmål kring litteratur, kropp, kjønn og sjukdom.

Norsk litterær årbok 2023

Norsk litterær årbok 2023

9788234011436 Norsk litterær årbok Heftet
17.08.2023
Norsk (nynorsk)

I salg
Norsk litterær årbok 2021

Norsk litterær årbok 2021

9788234005619 Norsk litterær årbok Heftet
03.09.2021
Dansk, Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål), Svensk

I salg
Norsk litterær årbok 2019

Norsk litterær årbok 2019

9788252199277 Norsk litterær årbok Heftet
17.09.2019
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål), Svensk

I salg
Norsk litterær årbok 2018

Norsk litterær årbok 2018

9788252195644 Norsk litterær årbok Heftet
14.09.2018
Dansk, Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

I salg
Norsk litterær årbok 2017

Norsk litterær årbok 2017

9788252194081 Norsk litterær årbok Heftet
14.09.2017
Dansk, Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål), Svensk

I salg
Norsk litterær årbok 2016

Norsk litterær årbok 2016

9788252190649 Norsk litterær årbok Heftet
26.09.2016
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

Utsolgt
Norsk litterær årbok 2015

Norsk litterær årbok 2015

9788252188028 Norsk litterær årbok Heftet
21.09.2015
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Norsk litterær årbok 2014

Norsk litterær årbok 2014

9788252184631 Norsk litterær årbok Heftet
02.10.2014
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Norsk litterær årbok 2013

Norsk litterær årbok 2013

9788252184136 Norsk litterær årbok Heftet
01.10.2013
Norsk (nynorsk)

Utsolgt