Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

FIKS norsk : nivå 2 og 3 : vegen til skulespråket. Tekstbok

Dede, Umran Evensen, Tone

Fiks

|

Heftet

Forventes utgitt

Forventes utgitt: 17.09.2026

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

FIKS norsk Vegen til skolespråket følger læreplanen grunnleggande norsk for språklege minoritetar, nivå 2 og 3, og bygger vidare på grunnlaget frå FIKS norsk Velkommen! Boka gir elevane verktøya dei treng for å utvikle norsk som skolespråk. I boka blir det gitt ei systematisk og praktisk innføring i arbeid med ulike sjangrar, som forteljing, rapport, dikt og lesarinnlegg. Slik får elevane innsikt i korleis tekstar er bygde opp og korleis språk blir brukt i ulike samanhengar. Samtidig arbeider dei systematisk med ordforråd, grammatikk og språkleg medvit. Boka bygger på språkutviklande arbeidsmåtar der aktive læringsstrategiar, samarbeid og refleksjon står sentralt. Gjennom myldrebilde, modelltekstar, skriverammer, oppgåver, sjekklister og læringsloggar får elevane konkret støtte til å utvikle språk og strategiar. Fleirspråklegheit som ressurs er sterkt vektlagt. Elevane blir gjennomgåande oppfordra til å bruke alle språka sine for å forstå, lære og uttrykke seg. Boka har ein tydeleg progresjon, men kan også brukast sjanger for sjanger. FIKS norsk er eit gjennomillustrert læreverk utvikla for elevar som følger læreplanen grunnleggende norsk for språklige minoriteter. Verket består av to bøker, Velkommen! (nivå 1, teori- og arbeidsbok) og Vegen til skolespråket (nivå 2 -3, teoribok). Den siste boka bygger på den første. Til verket høyrer ein omfattande nettressurs som utfyller bøkene, i tillegg til å gi mykje ekstra stoff: lytteoppgåver, skriveverktøy, ordforrådsaktivitetar, eksamenstrening, fleirspråklege grammatikkfilmar og lærarstoff som diktatar, undervisningsopplegg og kopioriginalar. Alt innhold kan filtrerast etter trinn, nivå, tema og innhaldstype.

Detaljer