Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveranser og nettbutikk (oppdatert 21. oktober)

Placeholder image

Begynneropplæringen : fagdidaktikk for barnetrinnets matematikkundervisning

Johnsen-Høines, Marit

Innbundet

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Forskingsprosjektet .Begynnaropplæringa og tilpassa undervisning. har studert aktiviteten i første til fjerde klasse ut frå spørsmålet: Kva skjer i klasserommet? Det grunnleggjande perspektivet har vore tilpassa opplæring. Boka presenterer det som skjer i klasseromma ut frå mange ulike perspektiv: Det som går føre seg i klassane uavhengig av fag og tid. Leik, forstått ut frå barnehagen og skulen sin måte å bruke omgrepet på. Korleis det har vore arbeidd med norskfaget, der leseopplæringa er sentral. Matematikkopplæringa med vekt på arbeidsmåtar og kva for element av matematikkfaget som får merksemd. Korleis den første engelskundervisninga går føre seg med den vesle tidsramma som er stilt til rådvelde. Elevar som har eit anna morsmål enn norsk, og deira situasjon. Resultata viser at det skjer mykje i i skulen, at det er store variasjonar mellom klassar og at utfordringane er omfattande både for elevar og lærarar. Forfattarane prøver å forklare og forstå dette mangfaldet kvar på sine område. Forfattarane arbeider alle på Høgskulen i Volda: Jorunn Aske og Randi Lothe Flemmen ved Avdeling for humanistiske fag, Randi Myklebust, Leif Bjørn Skorpen, Bente Vatne og Peder Haug ved Avdeling for lærarutdanning.

Detaljer