Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveransene våre (sist oppdatert 1. september)

Omslagsbilde

Høgsteretts historie 1965-2015 : at dømme i sidste Instans

Sunde, Jørn Øyrehagen

Innbundet

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Fredag 28. juni 1974 vart Det sjuande allmenne dommarmøtet i Tromsø opna. Det heile byrja slik det skulle - fredeleg og danna. Siste føredragshaldar den fyrste dagen av dommarmøtet var professor dr. juris Carsten Smith, som føreleste om «Domstolene og rettsutviklingen». Etter føredraget var Det sjuande allmenne dommarmøtet ikkje lenger fredeleg, og bare delvis danna. For Smith ville at domstolane generelt, og Høgsterett spesielt, ikkje bare skulle løysa konfliktar, men òg leia an i rettsutviklinga med djerve avgjerder som forandrar samfunnet. Dette var ein radikal idé i 1974. I dag er det i stor grad ein realitet. Kva har skjedd? Høgsteretts historie 1965-2015 er ei endringshistorie. Det er historia om ein domstol som lenge stritta imot endring, men som særleg etter Berlinmuren sitt fall vart riven med av samfunnsutviklinga og av ivrige einskildpersonar som staka ut ein ny kurs for den fremste representanten for den tredje statsmakta i Noreg. I dag er Høgsterett kanskje meir ei statsmakt enn nokosinne i si 200 år lange historie. For domstolen har ein nesten uavgrensa kompetanse, er ein nesten rein prejudikatsdomstol, er premissleverandør for den juridiske metoden, kan påverka tilsetjinga av nye høgsterettsdommarar, og er ein dialogpartnar i det transnasjonale rettsregimet. Dette er historia om korleis det vart slik. Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen, leiar for Forskargruppa for rettskultur, og forskingsleiar ved museet Baroniet Rosendal. Han har publisert Speculum legale (2005) og Den juridiske komedien (2007), og har mellom 2006 og 2014 redigert Rettstekstar i mellomalderen, Dekalogen, Rendezvous of European Legal Cultures og Constitutionalism before 1789.

  • Utgivelsesdato:

    26.05.2015

  • ISBN/Varenr:

    9788245015515

  • Språk:

    , Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Fagbokforl.

  • Fagtema:

    Jus

  • Emne:

    Høyesterett, Historie

  • Målgruppe:

    , Voksen

  • Litteraturtype:

    Faglitteratur

  • Originaltittel:

    Høgsteretts historie 1965-2015

  • Sider:

    619

  • Høyde:

    23.8 cm

  • Bredde:

    18 cm

Forsvarstale for eit vondt menneske : ei norsk kvinnehistorie frå 1700-talet

Forsvarstale for eit vondt menneske : ei norsk kvinnehistorie frå 1700-talet

9788272019005 Innbundet
01.10.2025
Norsk (nynorsk)

Forventes utgitt
Kulturfond
Har eg rettstryggleik? : om den klassedelte rettsstaten og illiberale demokrati

Har eg rettstryggleik? : om den klassedelte rettsstaten og illiberale demokrati

9788234015052 Norsk røyndom Heftet
28.04.2025
Norsk (nynorsk)

I salg
Landslova : kommentarutgåve

Landslova : kommentarutgåve

9788245044041 Innbundet
14.08.2024
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

I salg
Magnus Lagabøtes landslov : og viktige rettarbøter 1280-1327

Magnus Lagabøtes landslov : og viktige rettarbøter 1280-1327

9788279655619 Innbundet
26.01.2024
Norsk (nynorsk), Gammelnorsk

I salg
Landslova av 1274 : rett, politikk og samfunn i norsk mellomalder

Landslova av 1274 : rett, politikk og samfunn i norsk mellomalder

9788282656610 Innbundet
11.05.2023
Dansk, Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål), Svensk

I salg
Eidsivatinget : den norske tingtradisjonen gjennom 1000 år

Eidsivatinget : den norske tingtradisjonen gjennom 1000 år

9788202738457 Innbundet
03.08.2022
Norsk (bokmål)

I salg
Comparing legal cultures

Comparing legal cultures

9788245033946 Innbundet
11.08.2020
Engelsk

I salg
Fordom og forventning : ei handbok i rettshistorisk metode

Fordom og forventning : ei handbok i rettshistorisk metode

9788281520554 Heftet
07.02.2019
Norsk (nynorsk), Norsk (bokmål)

I salg