
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
ØV OG LES 1- 4 er fire lesehefte til å øve opp lesedugleik. Hefta kan nyttast etter at den første bokstavinnlæringa er gjennomført. Lesedugleik blir innøvd ved hjelp av å lese stavingar i ord og å legge vekt på meininga i ord og tekst. Elevar som har vanskar med å lære å lese ved hjelp av tradisjonelle lesemetodar som språklydssyntese og ordbildemetoden, kan ha nytte av lesemetoden i Øv og les. Det kan ofte vere nyttig å skifte lesemetode til ein stavingslesingsstrategi framfor å fortsette med den lesemetoden som eleven ikkje har lukkast med tidlegare. Born, ungdom og vaksne med lese- og skrivevanskar på grunn av svikt i korttidsminnet, og vaksne som skal lære seg å lese norsk, kan og ha nytte av lesemetoden i dei fire hefta. Det er ein progresjon i stavingslesingsmetoden frå ØV OG LES 1 til ØV OG LES 4. I ØV OG LES 1 skal elevane lære å lese tolydsord og trelydsord som heilord. Bokstavering bør ikkje nyttast.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
2001
-
ISBN:
9788299561211
-
Språk:
-
Emne:
, Norsk språk , Lesing
-
Serie:
-
Målgruppe:
, Barn
-
Litteraturtype:
-
Tilgjengelighet:
, Lettlest
-
Utgave:
2
-
Sider:
58





