Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Der ingen var einsam : klyngetunet som vart utsletta

Riise, Arill

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Trykket under snøen var uuthaldeleg. Det var som eg var støypt i betong. Eg var sikker på at heile taket låg over meg, og eg ropte på mor og far om at dei måtte kome og hjelpe, men det var heilt stille og svart. Eg kjende ikkje beina mine, eller hendene. Eg visste ikkje om eg låg opp eller ned. Det var då eg sa det inni meg: Dette klarer du ikkje. Dette må ta slutt. No forlèt eg denne verda. Då TV-profilen Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill. I Der ingen var einsam skildrar journalist Arill Riise kva som gjekk tapt då klyngetunet vart rive bort. Dette er historien om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen». Vi blir kjent med sterke karakterar i dramatiske og underhaldande historier. Om tyske soldatar som drep i fredsdagar, barn som forsvinn og arvesynd som pregar liv i ei ny tid. Dette er ei gripande, nær og varm forteljing om menneske som levde tett på kvarandre og fargela livet når det blei for mykje kvardag. Som mora til Arill, Ragna Riise, sa: «Det var eit godt liv. For ingen var einsam på Riise».

  • Utgivelsesdato:

    25.09.2024

  • ISBN/Varenr:

    9788234012358

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Samlaget

  • Innbinding:

    Innbundet

  • Fagtema:

    Livsstil, hobby og fritid

  • Emne:

    Bygder, Sorg, Naboskap, Snøskred, Ørsta

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Originaltittel:

    Der ingen var einsam

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Sider:

    158

  • Høyde:

    27.2 cm

  • Bredde:

    21.2 cm

Sild og grandiosa : meir om livet på Sunnmøre

Sild og grandiosa : meir om livet på Sunnmøre

Riise, Arill
9788252167917 Innbundet
2006
Norsk (nynorsk)

I salg
Livet på Sunnmøre blant bona og dæmmagutta

Livet på Sunnmøre blant bona og dæmmagutta

Riise, Arill
9788252147674 Innbundet
1998
Norsk (nynorsk)

I salg
Blå fjordar, blått blod

Blå fjordar, blått blod

Riise, Arill
9788252143607 Innbundet
1994
Norsk (nynorsk)

I salg