Hopp til hovedinnhold

Klikk her for info om bokleveranser, faktura og nettbutikk (sist oppdatert 13.1)

Omslagsbilde
Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

På kyrkjeferd i Sogn og FjordaneSogn og Fjordane har eineståande kyrkjer og kyrkjeskattar: stavkyrkjer som Urnes, Borgund og Hopperstad, steinkyrkjer som Kinn, Hove og Dale i Luster, ruinanlegget på Selja, rikt dekorerte 1600-talskyrkjer, staselege trekyrkjer frå 1800-talet, og moderne arbeidskyrkjer. Frå Sogn og Fjordane stammar nokre av den fremste kyrkjekunsten landet har å by på.På kyrkjeferd i Sogn og Fjordaneer den første samla framstillinga av kyrkjene og kyrkjekunsten frå fylket. Stoffet er ordna som ei reise, der kyrkjene blir presenterte slik dei ligg etter ferdavegen. For kvar kyrkje er det omtale av historia om dagens bygning, om tidlegare kyrkjer på staden, om kunst og inventar og om kunsten som er på museum. Denne kunsten er henta heim til kyrkja han kom i frå. Bøkene fortel spennande historier om kva kår folk flest levde under, dei som gjennom tidene søkte til kyrkja i glede og sorg. På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane inneheld:to store bøker, kvar på 304 siderband 1 omfattar Nordfjord og Sunnfjordband 2 omfattar Sogn omtale av 120 kyrkjer, arkitektur, kunst og inventarpresentasjon av dei 26 kommunane oversiktsartiklar om arkitektur og kunstkring 700 foto, dei fleste i fargarkring 100 andre illustrasjonar: nyteikna kart, teikningar og figurarBli med på kyrkjeferd gjennom eit makelaust kyrkjefylke, frå Selja ytst ved Stad, til Borgund oppunder Filefjell!Forfattarbiografiar:Margrethe Henden Aaraas (f. 1962) er journalist i NRK Sogn og FjordaneSigurd Vengen (f. 1950) er sokneprest i Førde og prost i SunnfjordTorkjell Djupedal (f. 1957) er journalist, forfattar og forleggjarFinn Borgen Førsund (f. 1946) er historikar og forfattar

Detaljer