
Sirdal : klassiske fotografi
Undheim, Magnar Moi, Bjørn
Leveringstid: 9-12 dager
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Sirdal er for mange knytta til flott natur og gilde opplevingar. Tilreisande har søkt til dalen i meir enn 100 år, og ein av dei som flittig besøkte Sirdal var Magnus Espeland (1903 . 1990). Han var ein ivrig fotograf, og hadde stort talent for dette sjølv om det ikkje var hans daglige arbeid. Denne boka presenterer bilete han tok i perioden 1960-1983. Det er sjeldan ein får sjansen til å publisera noko så eineståande som ei fotosamling av Sirdal slik dalen ein gong var. Motiva er fanga av Magnus Espeland, og kretsar om hans møte med dalen og menneska som budde og vandra her. Fotografia er i fargar, mange tekne i eit tidsrom der slik dokumentasjon var mangelvare. Magnus Espeland fotograferte mykje, og det vert sagt at han alltid bar på kameraet sitt. Fyrst og fremst skildrar han kvardagslivet , noko som inneber at boka og er eineståande i kulturhistorisk samanheng. Mykje er nostalgi, og vil nok framkalla mange gode minner hjå mange. Rundt mange fotografia er det små historier ført i pennen av Magnar Undheim og Bjørn Moi. Boka vil forhåpentlig bli ein favoritt hos alle som har eit forhold til Sirdal på ein eller annan måte, og ellers til dei som er glade i gode fotografi. For her er det mange av dei!
-
Utgivelsesdato:
28.11.2024
-
ISBN/Varenr:
9788299846929
-
Språk:
Norsk (nynorsk)
-
Forlag:
Bjørn Moi markedsføring
-
Innbinding:
Innbundet
-
Fagtema:
Kunst
-
Emne:
Kulturhistorie, Lokalhistorie, Sirdal
-
Målgruppe:
Voksen
-
Litteraturtype:
Sakprosa
-
Originaltittel:
Sirdal : klassiske fotografi av Magnus Espeland
-
Originalspråk:
Norsk (nynorsk)
-
Sider:
245
-
Høyde:
26 cm
-
Bredde:
23.5 cm