Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde
Kulturfond

Fantastiske pi : det berømte talet det er umogleg å kunne

Lehmann, Anita Aubin, Jean-Baptiste

Innbundet

Forventes utgitt

Forventes utgitt: 05.11.2026

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

I tusenvis av år har mennesket vore oppslukt av talet pi. Pi er enkelt å definere: Det er forholdet mellom omkrinsen og diameteren i ein sirkel. Men ingen har nokon gong klart å skrive det ned! For desimalane held fram inn i det uendelege, og det er ikkje noko mønster eller orden i talrekka. Fordi talet er uendeleg langt, betyr det at du vil kunne finne både telefonnummeret ditt og passnummeret ditt – og bursdagsdatoane til alle barn som nokon gong har levd – i pi. Og ikkje berre ein gong, men uendeleg mange gongar! Fantastiske pi inviterer deg til å fordjupe deg i den spennande matten bak dette fantastiske talet, fortel historia frå då talet vart oppdaga til korleis matematikarar brukar talet i dag. Du får sjølvsagt også lure triks for å hugse så mange siffer at mattelæraren kjem til å bli superimponert – og ein haug med pi-nlege vitsar. Boka viser at matematikk er meir enn berre rette svar, men eit fag som òg har rom for mysterium, fantasi og undring. Det får oss til å stille dei store spørsmåla: Kva betyr det at noko er uendeleg? Fantastiske pi er omsett frå engelsk av Jørgen Eriksson Midtbø. Boka er gjennomillustrert og passar best for barn frå 10 år.

Detaljer