
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Denne boka handlar om korleis ein kan analysere sakprosatekstar kritisk, til dømes innhaldsreklame, haldningskampanjar, nettsider, avisinnlegg og tekstar i sosiale media. Forfattarane hentar teori og metodisk tilnærming frå kritisk diskursanalyse, sosialsemiotikk og pragmatikk. Dei viser korleis ein kan identifisere både språklege og visuelle framstillingsmåtar, kva funksjon dei får i tekstar, og korleis tekstar kan nyttast til å påverke og utøve makt i eit samfunn som blir stadig meir digitalt. Boka inneheld ei rekkje illustrerande analyseeksempel og forslag til framgangsmåtar for tekstanalyse i praksis. Læreplanen legg vekt på at elevar skal øve opp kritisk literacy og bli kritiske og medvetne samfunnsborgarar, og forfattarane kjem i denne boka med innspel til korleis ein kan arbeide med kritisk tekstanalyse i skulen. Denne utgåva er oppdatert med ei rekkje nye eksempel på analyse av særleg komplekse, digitale tekstar. Forfattarane viser også til ny teori og ny forsking. Boka eignar seg for lærarar i skulen, studentar og fagfolk i lærarutdanningane, i fag som norsk, kommunikasjonsfag, samfunnsfag og for andre som arbeider med å skape eller vurdere tekstlege framstillingar.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
22.06.2022
-
ISBN:
9788202687724
-
Språk:
-
Forlag:
Cappelen Damm akademisk -
Fagtema:
-
Emne:
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Form:
-
Utgave:
2. utgåve
-
Sider:
200
-
Høyde:
24 cm
-
Bredde:
17 cm




